Arbeidsområder

Ruinar

I Noreg er det om lag 100 ruinanlegg frå mellomalderen. Dei fleste er kyrkjeruinar, men det finst óg ruinar etter klosteranlegg og borg- og festningsanlegg. Dei fleste ruinane finn vi i Oslo og på Austlandet, men det er også mange på Vestlandet og i Trøndelag.

Bevaringsprogrammet for ruinar

Ettersom det er få byggverk frå mellomalderen i Noreg, er det spesielt viktig å ta vare på dei restane vi har.

Gjennom Bevaringsprogrammet for ruinar ynskjer Riksantikvaren å sikre og gjere eit utval av ruinane tilgjengeleg for publikum.

.

Klosterruin etter cistercienserordenen.

Kva er ein ruin?

Med ein ruin meiner vi restane etter anlegg bygd av stein eller tegl lagt i kalkmørtel, og som er frå før reformasjonen (1537).

Korleis oppstår ein ruin?

Det kan vere fleire årsaker til at ein ruin oppstår, og til at det som for eksempel ein gong var ei staseleg steinkyrkje etter ei tid har blitt ein overgrodd steinhaug.

Sidan det i denne samanhengen handlar om ruinar frå mellomalderen, kan reformasjonen i seg sjølv ha vore ein viktig utløysande faktor. Då tenkjer vi gjerne først og fremst på dramatiske hendingar som brann og plyndring.

Slike hendingar har nok funne stad, men som oftast var nok årsaka til at forfallet starta at bygningane gjekk ut av bruk eller blei brukt til andre ting.

Bygningsstein var også verdifullt som materiale. Stein vart derfor ofte henta ut frå anlegg som ikkje lenger var i bruk, både for vidare bruk lokalt og for eksport. Ser du godt etter på grunnmurar og låvebruer, kan det godt hende at du finn delar frå ei gammal kyrkje eller eit kloster der.

Halsnøy kloster i Kvinnherad, Hordaland.
Foto: Arve Kjersheim, Riksantikvaren
Tautra Kloster
Foto: Åse Bitustøl, Riksantikvaren
Tunsberghus på Slottsfjellet i Tønsberg med Mikaelskirkeruinene i forgrunnen.
Foto: Synne Vik Torsdottir, Riksantikvaren
Steinvikholm Slott sett fra Steinvik lager.
Foto: Wenche Aakervik

Ein europeisk byggetradisjon

Med kyrkja kom den europeiske byggetradisjonen med stein lagt i kalkmørtel også til Noreg. Tre var likevel det rådande byggematerialet gjennom heile mellomalderen. Berre eit mindretal bygningar vart oppført i stein, og dei fleste av dei var knytte til byane.

Det var kostbart å oppføre ein murbygning. Stein skulle brytast i steinbrota og fraktast til byggeplassane, kalk skulle brytast, brennast og leskast, handverkarar skulle i arbeid og lønnast, bygningsstein skulle utformast og utsmykkast. Det var berre institusjonar og enkeltpersonar med sterk økonomi som kunne gjennomføre slike byggetiltak.

Samanlikna med andre land i Europa, har vi derfor svært få byggverk frå mellomalderen.

Ruinar som historiske kjelder

Ruinane gir viktig informasjon om tidlegare samfunn og levemåtar, og har sidan 1700-talet vore eit populært motiv i kunsten. Ofte som eit symbol på tilbakegang, eller forfall, men også med ein fascinasjon over det som ein gong var. I dag er ruinar viktige kunnskapskjelder for forskarar, men dei er òg populære utfluktsmål for turistar og kulturinteresserte.

Riksantikvaren skal sikra at ruinane blir tatt vare på som viktig kjelde til ny historisk kunnskap, men også legga til rette for at dei kan opplevast der dei står på nye og spennande måtar.

Les artikkelen fra Murmesteren om konserveringen av Holla ruin

Rapport

Les forskningsrapporten fra FABRICA kulturminnetjenester AS.

En studie i saltforvitring når klimaet endrer seg: Albanustårnet på Selja kloster 2016-2020

Bruk av mellomalderruinar

Mellomalderruinar er automatisk freda, og dei er svært utsette for skade og slitasje. Men det er også ynskjeleg at desse kulturminna skal kunne brukast til arrangement av ulike slag. Det er viktig at bruken blir tilpassa både type ruin, tilstand og omgivnader, og at ein tek omsyn til dette under planlegging, gjennomføring og oppfølging av dei ulike arrangementa.

Bruk av mellomalderruinar blir regulert av kulturminnelova § 3 om forbod mot inngrep i automatisk freda kulturminne:

Ingen må – uten at det er lovlig etter § 8 – sette i gang tiltak som er egnet til å skade, ødelegge, grave ut, flytte, forandre, tildekke, skjule eller på annen måte utilbørlig skjemme automatisk fredet kulturminne eller fremkalle fare for at dette kan skje.

Korleis søkje om bruk av mellomalderruinar?

Søknad om løyve til bruk av mellomalderruinar blir sende til fylkeskommunen. For ruinar som ligg innanfor mellomalderbyen i Oslo, Tønsberg, Bergen og Trondheim skal søknad sendast Riksantikvaren

Les vår veileder om middelalderruiner her. 

Last ned søknadskjema (under) om løyve til automatisk freda kulturminne.

Søknad tillatelse til inngrep arkeologiske kulturminner (bokmål)
Søknad løyve til inngrep arkeologiske kulturminne (nynorsk)

Enkelte mindre arrangement krev ikkje dispensasjon og ein treng ikkje søkje. Dette kan ein få avklart ved å vende seg til til ansvarlig instans.

I Miljøhandboka for festivaler og utearrangement kan du lese meir om søknadsprosess og gjennomføring av arrangement tilknytt mellomalderruinar.

Publisert: 22. april 2020 | Endret: 15. januar 2021