Henningsvær

– eit av 13 freda kulturmiljø i Noreg

Henningsvær vart frå midten og fram mot slutten av 1800-talet eit av dei største og viktigaste fiskeværa i Noreg.

At lofottorsken fekk sin eigen barnesong, skriven av sjølvaste Torbjørn Egner, seier sitt om tydinga Henningsvær.

Staden har og har hatt mykje å seie for utviklinga av Noreg, og for det norske fiskerieventyret.

Og Henningsvær er framleis eit lys, levande kulturmiljø.

Fiskerihistorie på nært hald

Av: Øyvind Aase Fluge
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Mang ei fiskekake og transkei har gått ned til tonane av “Torskevisa”. Fisk og fiskeprodukt har vore ein viktig mat- og handelsvare for Noreg i hundrevis av år. Tørrfisken vart frakta med båt langs norskekysten og eksportert til Europa allereie i vikingtida. I desse åra var likevel fisken mest ein kjærkomen ressurs og matvare for folket langs kysten. Men, på byrjinga av 1800-talet endra marknaden seg slik at salet i utlandet vaks frå og blei større enn det norske. Dette førte med seg at staten endra lovverket og la meir til for rette utbygging av infrastruktur langs kysten. Fisket byrja for alvor å bli kommersielt, og Henningsvær vaks til.

Henningsvær Havet er blått. Lyset i Henningsvær framhevar fargane. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

– Henningsvær har ei lang i historie, og starten på stordomsstida ser ein alt mot slutten av 1700-talet då Jørgen Zahl blir væreigar, seier Alf Per Johansen. – I byrjinga dreiv ein lofotfisket frå opne båtar. På kvelden måtte båtane på land. Då vart dei kvelva og så sov fiskarane under båtane, seier han.

Henningsvær

Kommune: Vågan
Fylke: Nordland
Fredingsår: 2022

Alf Per bur og er oppvaksen Henningsvær, og engasjerer seg sterkt for historia til plassen. Dei store fiskeressursane fanst i Nord-Noreg. Ein kan ikkje seie nøyaktig når dei første fiskarane frå sør kom, men utover 1800-talet kom det berre fleire og fleire.

– Mykje har endra seg gjennom tidene, og væreigarane har hatt mykje å seie. Etter Zahl kom Rener. Han solgte forretninga si i Kabelvåg i 1828. Han bidrog blant anna til å bygge rorbuer og salteri, seier han.

Henningsvær Under fiske er det aktivt langs med kaikanten. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Utvikling og historie

Henningsvær har ei rik historie knytt til næringsverksemd, men er også heimen til mange. Her bur folk, her er det arbeidsplassar, næringsliv, nabolag og skulekrins.

– Henningsvær er den finaste plassen som finnast i mine auge, seier Odd Rane Hovde. – Eg er ikkje så bevandra i freda kulturmiljø, men her har vi unike verdiar som du ikkje finn nokon annan stad, seier han.

Odd Rane Hovde driv den mekaniske verkstaden Hovde Maritim AS i Henningsvær saman med sonen sin. Han er klar på at når Henningsvær skal takast vare på, så må det leggjast til rette for at staden framleis kan utvikle seg.

Henningsvær Eit av 13 freda kulturmiljø i Noreg.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Henningsvær Eit av 13 freda kulturmiljø i Noreg.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Henningsvær Eit av 13 freda kulturmiljø i Noreg.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

– Far min starta opp i 1938, og no er det sonen min, Hallvard, som driv selskapet. Dette er ei familiebedrift, og vi har alltid måtta utvikle nytt utstyr og nye teknikkar i takt med endringar i fiskeriet. Henningsvær var og er først og fremst ei sjarkhamn. Utviklinga har gått frå mange små fiskebåtar, til færre og større båtar, seier han.

Freding av kulturmiljø

  • Eit kulturmiljø kan fredast for å bevare eit område sin kulturhistoriske verdi.  
  • Det er berre bygningane sitt ytre som blir freda, ikkje interiøret 
  • Andre delar av miljøet, som gateløp, allmenningar, parkar og andre grøntstrukturar, kan også være del av fredinga. 
  • Når eit kulturmiljø er freda, tyder det at utvendig arbeid på bygningar og anlegg, utover vanleg vedlikehald, krev godkjenning frå kulturminneforvaltninga. 
  • Vedtak om kulturmiljøfreding gjerast av Kongen i statsråd. 
  • Tolv kulturmiljø er freda i Noreg.

Væreigarar – entreprenørskap og vekst

Henningsvær har alltid hengt med i tida. For fleire av dei tidlegare væreigarane må dette også ha vore ein viktig premiss. Her har fleire vore sentrale i utviklinga, både Jørgen Zahl og Lars Nicolai Rener gjorde mykje for utvikle Henningsvær. Likevel, væreigaren med stor “V” må seiast å være Jens P. B. Dreyer. Han skjøna raskt at Henningsvær var ein ypparleg stad, der ein verkeleg kunne utnytte vekst og tilkomst av både fisk og fiskarar.

Henningsvær Den dramatiske naturen kjem tett på. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Historia vil ha det til at han skaffa seg eigarskapet til fiskeværet ved å fri til stedottera til Rener, like før ein annan hadde tenkt å gjere det, og i skarp konkurranse med fleire andre. Ein driftig kar var han i alle fall, for under hans tid som væreigar kosta han mest alt av oppgraderingar og utbygging bortsett frå fyret.

Fiskeindustrien i dag

I dag er norsk fisk ei ettertrakta handelsvare i så godt som alle hjørne av verda, og i Henningsvær er dei godt vane med store mengder.

Henningsvær Det er trangt langs kaikanten, så her kjem ein tett på fisket. Foto: Trond A,. Isaksen, Riksantikvaren

– I rekordåret 1947 var det 146 tonn fisk inne i Lofoten, 28 tonn i Henningsvær, det var 69 fiskebruk, 12 trandamperi, 3 hermetikkfabrikkar, butikkar, kjøpmenn og bakeri. No er det berre ein handfull att, det er klart Henningsvær har endra seg med tida, seier han.

Det er kanskje ikkje alltid like enkelt å sjå føre seg kor mykje fisken har hatt å seie, både for Noreg og for Henningsvær. Men Alf Per meiner ei historie frå opningsfeiringa av Festiviteten i Henningsvær er skildrande. Den gamle motorfabrikken i Svolvær hadde gått konkurs. På dugnad vart den flytta til staden og ombygd til festsal, og den 4. januar 1925 var det duka for storskala opningsfest.

– Til opninga var det engasjert eit eige jazzorkester, lokalt frå Henningsvær, beståande av 12 mann. Det var korsong frå eit stort felleskor på rundt 50 personar, og det vart komponert ein eigen song om alle som hadde vore med på dugnad. Teksta har vi endå, seier han.

Festiviteten vart ein plass for fest og moro, og sjølvsagt fleire gode historier. Odd Rane Hovde har fleire gode historiar frå Festiviteten.

– Det var jo litt slåsskampar der i blant. Det var eit stort slagsmål utanfor festiviteten ein laurdagskveld, midt i fiskereisesongen. Ein av søringane som var her då, han stoppa opp og spurde ein fiskar, om det ikkje var lensmann her. Han fekk til svar at, lensmann det hadde ein her, men han ligg nedst i mølja, seier han.

Henningsvær Eit av 13 freda kulturmiljø i Noreg.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Henningsvær Eit av 13 freda kulturmiljø i Noreg.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Henningsvær Eit av 13 freda kulturmiljø i Noreg.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Henningsvær har bestått og utvikla seg i takt med store samfunnsendringar Noreg. Handels-/næringsutvikling, modernisering av fiskeria, ny ressursforvalting og store omveltingar i næringsgrunnlag. Alt dette er synleg i Henningsvær, eit gammalt fiskevær som har utvikla seg i takt med tida.

Framtid og fortid

Den lokale byggeskikken har gjennom tilpassing til vær og vind fått eit nøkternt uttrykk. Form og utsjånad på bygga er ofte eit resultat av kva for bruksområde dei har hatt. Samstundes pregast dei av påbygg og synlege spor etter ombyggingar. Bygga er ulike, og har trekk frå fleire stilartar. Knapp tilgang til materialar og behov for raske endringar gjev variasjon gjennom kreative løysingar. Eit klassisk fiskevær med andre ord.

Henningsvær Fisk på Hjell er eit vanleg syn i Henningsvær. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

– Eg har vore skeptisk til fredinga, men håpar det går bra til slutt. Det er viktig for oss at Riksantikvaren held seg til det dei har lova, og at vi får lov til å utvikle oss i takt med tida. Slik vi alltid har gjort, seier Odd Rane Hovde.

Sjølv om Henningsvær har endra seg, så er mykje også det same. Fisken kjem til fiskemottaket i sentrum, samstundes som det framleis er fisk på hjellen. Torsken er kanskje ikkje fødd i Henningsvær, men den kjem tilbake, år etter og år, og gjev livsgrunnlag både for lokalsamfunnet og for folk over heile landet. Med fredinga av Henningsvær tek vi var på ei viktig forteljing om det norske samfunnet, om havet og fisken.