Sør-Gjæslingan

– eit av 12 freda kulturmiljø i Noreg

Sør-Gjæslingan var eit viktig fiskevær i Trøndelag.

Det består av eit havområde med fleire titals øyer, holmar og skjær.

Til tider har det vore det største fiskeværet sør for Lofoten, med 4000-5000 fiskarar i dei beste sesongane.

I dag er storheitstida for Gjæslingan over. Båda fastbuande og fiskarar har forlatt øyene.

No tek nye generasjonar vare på minna etter fiske-eventyret på Gjæslingan.

Livet ved havet

Av: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Foto: Trond A. Isaksen

Sjøen kjem tett på i Sør-Gjæslingan. Folket her har brukt øyane og holmane i jordbruket, og havområdet har dei brukt til fiske. No står veret att. Fiskarane kjem ikkje lenger i hopetal, men kulturmiljøet står der framleis og fortel historia om industrien som var med på forme landet vårt.

Sør-Gjæslingan kulturmiljø Område består av ei rekkje små øyer, holmar og skjær. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Det var fisket som gav det meste av inntekta. Like utanfor øyene ligg eit stort gytefelt for torsk som alltid har vore viktig for busettinga. Det var heilt avgjerande for livsgrunnlaget her, i fleire generasjonar. Kystkulturen i Noreg byggjer seg rundt eit liv der store deler av tida går med på sjøen eller havet. Sør-Gjæslingan gjev oss eit tydeleg bilete på dette. Veret fortel historia om liv levd, der ein var nøydd til å bruke ressursane ein fann, både i havet og på øyane.

Sør-Gjæslingan

Kommune: Nærøysund
Fylke: Trøndelag
Fredingsår: 2010

Tilpassing

Livet langs kysten krev tilpassing, ofte i eit lite miljø prega av hardt og uforutsigbart ver. På Sør-Gjæslingan ser vi den norske kystkulturen, og sjølv om veret er fråflytta i dag, syner bygg, hagar, telegrafstolpar og brygger oss at dette var aktive øyer der fisket var heilt nødvendig i kampen for tilveret.

Opphaveleg var Sør-Gjæslingan eigd av kongen, og vart seinare kyrkjegods. På byrjinga av 1700-talet ønska kyrkja å realisere eigedomar og i 1728 blei heile eigedomen, som omfatta Sør-Gjæslingan, Nord-Gjæslingan, Sørøya og Haraldsøya, lagt ut for sal. Den første private væreigaren blei Hans Hagerup. Han var dansk handelsborgar, og var busett i Trondheim. Frå Hagerup si tid og fram til i dag har veret skifta eigar heile 16 gongar!

Sør-Gjæslingan kulturmiljø Spora etter åra med fiskeri kan framleis sjåast på øyene. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Væreigarar og samfunnsutvikling

Fleirtalet av desse eigarane var såkalla ”Absent landlords” – dei budde altså ikkje sjølv på øyene, men styrte drifta frå fastlandet. Væreigarane har gjerne fått eit negativt ettermæle i Nore. Mange meiner den framstillinga unyansert, men faktum er at væreigar nærast kunne skaffa seg total kontroll over eit fiskevær. Men, sjølv om dei hadde stor makt, bidrog dei også i stor grad til samfunnsutviklinga. Fiskarane trengde infrastruktur for å gjere jobben sin. Nøkkelen til kontrollen låg til å byrje med i eigarskapet til rorbuene, som fiskarane var avhengige av. Men ofte var butikken, grunnen, fiskefeltet, og til og med kyrkja eigd av væreigaren. Etter lova om fritt hav og fritt fiske under offentleg kontroll (1857), mista etter kvart væreigarene den totale makta over fiskeværa.

Sør-Gjæslingan kulturmiljø Sør-Gjæslingan var i fleire år eit av dei største fiskeværa sør for Lofoten.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Sør-Gjæslingan kulturmiljø Sør-Gjæslingan var i fleire år eit av dei største fiskeværa sør for Lofoten.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Sør-Gjæslingan kulturmiljø Sør-Gjæslingan var i fleire år eit av dei største fiskeværa sør for Lofoten.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

I byrjinga var dei som budde på Gjæslingan stort sett leiglendingar; fiskarbønder på bygselbruk eller strandsitjarar (fiskarar utan rettigheiter til jord). Då busetjinga blei meir permanent fekk ressursane på land også større tyding. Alle øyene blei utnytta til beite. Det var slått og ein sanka torv til brensel. Det er også registrert 13 hagar i Sør-Gjæslingan. At interessa for hagedyrking finst så langt ute i havgapet, er på ingen måte sjølvsagt. Vertilhøva legg ikkje til rette for å sysle med hage som hobby.

Freding av kulturmiljø

  • Eit kulturmiljø kan fredast for å bevare eit område sin kulturhistoriske verdi.  
  • Det er berre bygningane sitt ytre som blir freda, ikkje interiøret 
  • Andre delar av miljøet, som gateløp, allmenningar, parkar og andre grøntstrukturar, kan også være del av fredinga. 
  • Når eit kulturmiljø er freda, tyder det at utvendig arbeid på bygningar og anlegg, utover vanleg vedlikehald, krev godkjenning frå kulturminneforvaltninga. 
  • Vedtak om kulturmiljøfreding gjerast av Kongen i statsråd. 
  • Tolv kulturmiljø er freda i Noreg.

Periodar med godt fiske verka inn på bygga i fiskeveret. Gjenbruk var viktig. Tusenvis av tilreisande kravde mange overnattingsstader. Mellom 1908 og 1913 var det om lag 4000 fiskarar i Sør-Gjæslingan kvart år. Heilt fram til 1919 var det mykje byggeaktivitet, og ein reknar totalt 43 rorbuer. I tillegg blei det oppført bygg i regi av Vereigaren og bygg som hadde en offentleg funksjon. 1931 var det siste storåret i Gjæslingan, med nær 4000 fiskarar.

Sør-Gjæslingan kulturmiljø Det er ikkje like mange hus her som for hundre år sidan, men nokre står framleis att. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Veret har forandra seg parallelt med inntekta frå fisket. Etter kvart overtok statlege etatar og frivillige organisasjonar noko av vereigaren sitt ansvar, og det kom skule, sjukestove, telegraf, fiskarheim, forsamlingslokale, og veg. Signalmast for vær, telegraf og radiolinjehytte, dammar og cisterner. Under krigen blei det bygd molo og i 1962 fekk veret strømforsyning via sjøkabel frå fastlandet.

Vekselsbruk

I tillegg til fiske hadde dei fastbuande dyrehald. Egg og dun har også gjennom heile historia vore verdifulle ressursar for kystfolket. Sør-Gjæslingan blei også formelt freda som egg- og dunver i 1875, men allereie i 1855 finnast ein kontraktfesta avtale mellom vereigar og leiglendingar om innsamling og fordeling av egg og dun.

Sør-Gjæslingan kulturmiljø Fuglelivet er rikt på øyene, og i solveggen på dette naustet trivst dei ekstra godt. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Samfunnsendring

Etter kvart byrja ein å merke ei markant nedgang i skreien ved Gjæslingan. Den siste omgangen med bustadbygging i Sør-Gjæslingan kom under andre verdskrigen. Nokre hus vart modernisert etter krigen, men ein del er også borte. Mange rorbuer er fjerna, fordi fiskarane som trengde dei forsvann.

Sør-Gjæslingan kulturmiljø Kulturmiljøet på Sør-Gjæslingan haldast framleis i hevd, sjølv om det er mindre aktivitet her enn for hundre år sidan.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Sør-Gjæslingan kulturmiljø Kulturmiljøet på Sør-Gjæslingan haldast framleis i hevd, sjølv om det er mindre aktivitet her enn for hundre år sidan.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Sør-Gjæslingan kulturmiljø Kulturmiljøet på Sør-Gjæslingan haldast framleis i hevd, sjølv om det er mindre aktivitet her enn for hundre år sidan.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Været er fråflytta i dag. Den viktige industrien som dei fastbuande var avhengige av, endra seg drastisk etter andre verdskrigen. Moderne trålarar og fiskeforedlingsanlegg blei dominerande, og hundrevis av dei små fartøya vart raskt avleggs.

Det gjekk som det måtte gå. På 70-talet fekk kommunen dei første søknadane frå fastbuande som ønskja å flytte inn til fastlandet. Fisket var modernisert, og det var ikkje lenger behov for aktive fiskevær når store trålarar og oppdrettsanlegg tok stadig større andeler av marknaden. Kommunen var først negativ til å handsame desse søknadane. Først i 1975, då vereigaren sjølv kom med søknad, blei søknadene innvilga. I løpet av dei neste to åra vart nesten heile Gjæsling-samfunnet oppløyst.

Sør-Gjæslingan Kulturmiljø Havet kom tett på dei som budde her. Men sjølv om været var hardt er det fleire hagar på øya.
Sør-Gjæslingan kulturmiljø Havet kom tett på dei som budde her. Men sjølv om været var hardt er det fleire hagar på øya.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Sør-Gjæslingan kulturmiljø Havet kom tett på dei som budde her. Men sjølv om været var hardt er det fleire hagar på øya.

Etter kvart som folk flytta, forsvann også grunnlaget for nødvendige samfunnsfunksjonar. Skulen blei nedlagt etter å ha hatt berre ein elev i skuleåret 1976/77. Året etter stengde butikken, og fiskemottaket gjekk konkurs. I august 1979 legg Namsos trafikkselskap ned den faste båtruta i Sør-Gjæslingan. Veret var forlatt.

Nytt liv

Av meir enn 100 rorbuer som sto i Sør-Gjæslingan i mellomkrigstida, er det i dag berre 20 igjen. Gjæslingan har endra seg, men historia er ikkje borte. Fleire har vendt tilbake til naust og hus ettersom åra har gått, og i dag er dei fleste husa i bruk som fritids- og rekreasjonsstader. Det aktive fisket rundt øyene er ikkje slik det var. Men, med ny bruk og engasjement for historia lev forteljinga om storfisket på Gjæslingan vidare. No er det nye generasjonar som held kulturmiljøet i hevd.