Tinfos

– eit av 12 freda kulturmiljø i Noreg

Notodden. Industrisenteret. Bluesbyen og verdsarvstaden.

Naturkreftene kjem tydeleg til syne på Notodden.

Her går vasskraft og industriutbygging hand i hand.

Kraftverka står nærast som slott og katedralar her.

Og Tinfos står framleis i sentrum, snart 130 år etter at eventyret starta.

Industrikjempene sin by

Av: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Foto: Trond A. Isaksen

I dag er Notodden både blues- og verdsarvby. Men industrien står framleis sentralt i bysenteret. Den nære tilgangen til Tinnelva og Tinfossen i sentrum var sentral då utbygginga sette Telemarksbyen Notodden på kartet.

Tinfos Kulturmiljø Arbeiderbustadane er ein del av kulturmiljøet på Tinfos. Etterkvart som fabrikken vaks vart det bygd bustadhus for fabrikkarbeidarane. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Så seint som i 1865 budde det berre om lag 350 menneske i det som ein i dag reknar som Notodden by. Området var då ein del av jordbruksbygda Heddal, og på sjølve staden Notodden var det berre eit dusin store gardar med mange husmannsplassar kring seg.

Tinfos

Kommune: Notodden
Fylke: Vestfold og Telemark
Fredingsår: 2014

Kraftkatedralar og kontrastar

Dei store industrikatedralane, med sin imponerande arkitektur, står i sterk kontrast til dette. Arkitekturen syner kor viktige desse bygga var. Spesielt står Tinfos II fram med sin karakteristiske rosa farge, og tårn slik at det nesten ser ut som eit slott eller ei borg frå sør i Europa.

– Ein byrja så smått på 1700-talet å utnytte krafta i Tinfossen. I byrjinga var det mest møller, tømmerforedling, og tømmerfløyting. Det var den spede byrjinga. Det var først på 1890-talet, då fossespekulantane kom, at industrien verkeleg tok til å utvikle seg. I denne samanhengen skulle Ola H. Holta bli viktig, seier Eystein Andersen.

Eystein arbeidde med kulturmiljøfredinga av Tinfos kulturmiljø, og er i dag antikvar og fagkoordinator i Vestfold og Telemark fylkeskommune. Han kjenner både Notodden by og Tinfos kulturmiljø godt.

Tinfos Kulturmiljø Fleire av murbygga som står inne på fabrikkområdet er framleis i bruk. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

– Tinfos er ein bydel i det vi i dag kallar Notodden by, og var vel på mange måtar starten på det moderne Notodden, som først var ein bitte liten tettstad med nokre få hundre innbyggjarar.

Han skildrar eit kompakt og heilskapleg kulturmiljø, som oppstod med utgangspunkt i den vasskraftbaserte industrietableringa som fann stad i Noreg på slutten av 1800-talet og tidleg på 1900-talet.

Tinfos Kulturmiljø Nye Tinfos I med Sagafossdammen og koblingsanlegg.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Tinfos Kulturmiljø Inne i det gamle Transformatorbygget er det framleis gamle turbinar. Nokre av dei produserer framleis straum.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Tinfos Kulturmiljø Inne i det gamle Transformatorbygget er det framleis gamle turbinar. Nokre av dei produserer framleis straum.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

– Tinfos I var den første kraftstasjonen i området, og vart bygd i 1900. Den blei då ein del av det vi i dag kallar den andre industrielle revolusjon, altså kraftproduksjon for industrien.

Hydro og Tinfos

I 1904 kjem det også ein ny aktør inn i bilete, nemleg Sam Eyde. Historia fortel at han og Holta ikkje hadde noko særleg til overs for kvarandre, men dei kunne gjerne einast om det økonomiske. Det tente dei begge på, og då Eyde skulle etablere Hydro sin kunstgjødselsproduksjon i det same området var det Holta som leverte krafta.

Freding av kulturmiljø

  • Eit kulturmiljø kan fredast for å bevare eit område sin kulturhistoriske verdi.  
  • Det er berre bygningane sitt ytre som blir freda, ikkje interiøret 
  • Andre delar av miljøet, som gateløp, allmenningar, parkar og andre grøntstrukturar, kan også være del av fredinga. 
  • Når eit kulturmiljø er freda, tyder det at utvendig arbeid på bygningar og anlegg, utover vanleg vedlikehald, krev godkjenning frå kulturminneforvaltninga. 
  • Vedtak om kulturmiljøfreding gjerast av Kongen i statsråd. 
  • Tolv kulturmiljø er freda i Noreg.

– Du kan seie at dei to store industrigigantane på Notodden var knytt saman frå dag ein, seier Andersen.

Tinfos vaks. Etter kort tid vart det etablert elektrisk jernproduksjon, som var banebrytande i samtida, og kraftverket Tinfos II (1911) og nytt Tinfos II. Jernproduksjonen ekspanderte, og det skjedde raskt.

Jernverket eksisterte fram til 1980-talet. I løpet av denne perioden bygde også fabrikken bustadhus for arbeidarar, funksjonærar og direktørar. Med eit arkitektonisk uttrykk som spegla rolla ein hadde i bedrifta.

Tinfos Kulturmiljø Arbeiderbustadar sett frå lufta. Midt i bilete ser ein også det opprinelege vassinntaket for Holtakanalen med lukehus. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

– Her finn du dei klassiske små fyrstikkhusa som arbeidarane budde i, og dei store direktørvillaene. Det sosiale hierarkiet er tydeleg.

Etterkvart tok Tinfos også samfunnsansvar på Notodden ved å etablere idrettsbanar og liknande.

Ein by – to hjørnesteinsbedrifter

Verdsarven og Tinfos kulturmiljø er nært knytt til kvarandre, men dei er også forskjellige. Kjem ein utanbys frå ser ein enkelt at Notodden er ein genuin industriby, og at den i stor grad er prega av dei to industrigigantane Norsk Hydro og Tinfos som hadde tilhald her.

– Sånn kulturelt opplever eg kanskje at Notodden er delt i to? Enten høyrde du til Tinfos eller så høyrde du til Hydro, og nåde den som gifta seg på tvers, seier Andersen med eit smil.

I kva grad dette framleis pregar byen, er vanskeleg å seie, men har du familie som var tilknytt Tinfos så er det gjerne den delen av historia ein er mest glad i, og motsett. Tinnelva renn gjennom byen, og deler den naturleg nok i to. Er det framleis mogleg å kjenne igjen rivaliseringa mellom Eyde og Holta? Ein som kjenner historia til Tinfos og Notodden betre enn dei fleste er Øyvind Odden.

Tinfos Kulturmiljø Administrasjonsbygg tilhøyrande Tinfos I bygd i 1908.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Tinfos Kulturmiljø Tinfos II - Transformatorbygget stod ferdig i 1912. Det er bygd som ei borg, med tårn og gesimsar.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Tinfos Kulturmiljø Myrens dam med røyrgate.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

– Det var jo Tinfos og Hydro som bygde Notodden. Du hadde Tinfos- og Hydro-bydelar, og du hadde Tinfos- og Hydro-familiar. På gata var det gutegjengar som krangla seg i mellom, og ein visste godt kvar ein høyrde heime, seier Øyvind Odden.

Øyvind arbeider til dagleg som administrasjonssjef i Tinfos. Her har han arbeidd sidan 1985, og han kjenner bedrifta godt. Tinfossen er framleis hovudinntektskjelda til selskapet, i tillegg til at dei i dag blant anna byggjer vasskraftverk over heile landet, så vel som i utlandet.

– Basisen for selskapet, som har eksistert sidan 1894, finn du i namnet vårt. Vi hentar kraft frå Tinfossen som ligg i Tinnelva midt i Notodden by.

– I dag er vi rundt 30 tilsette, som stort sett har base på Notodden i vårt eige freda kulturmiljø. Vi produserer framleis kraft i dei gamle anlegga. Både i «Nye Tinfos 1», som blei bygd i 1954, og i ein av maskinane i «Tinfos 2», som er frå 1926.

Ikkje eit museum

Men kraftproduksjonen ved Tinfos kulturmiljø er ikkje noko museumsgeskjeft. Ja, kraftselskapet er framleis i drift. Og det er framleis kraftproduksjon i deler av dei gamle lokala.

– Kraftproduksjonen ved Tinfos har ein årleg marknadsverdi på pluss eller minus 100 millionar kronar. Denne inntekta går til å bygge nye kraftverk, som vi enten eig sjølve eller som vi sel vidare til andre.

Tinfos Kulturmiljø Tinfos I gamle kraftstasjon. I klassisk raud tegl.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Tinfos Kulturmiljø Tresliperi som i dag huser Telemarksgalleriet.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Tinfos Kulturmiljø Industrien både er og var ein brannfarleg geskjeft. Nokre av dei gamle hydrantane står framleis igjen på området.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

130 år med næringsdrift vil alltid by på spanande historier. Tinfos ekspanderte, og fleire nye aktivitetar og forretningseventyr har kome til og falle frå etter kvart. Også utanfor kjerneområdet på Notodden. Blant anna stod dei bak Noregs første oppdrettsanlegg for piggvar, Øye Havbruk, som låg ved Øye smelteverk i Kvinesdal. Ein noko uvanleg bi-geskjeft for eit kraftselskap. I 1900 vart Notodden Calcium-Carbid fabrikk oppretta. Kunden var London, og kalsiumkarbiden brukte dei til gatelykter som lyste opp dei mørke gatene. I dag har dei fem faste tilsette i eit utviklingsselskap i Indonesia. Likevel, dei lokale røtene står framleis sterkt for selskapet.

Kraftproduksjonen på Notodden vart stort sett starta før konsesjonslovene som kom før 1920. Difor har Tinfos evigvarande rett på å hente ut kraft frå vassdraget.

– Eg kjem ikkje på så mykje negativt med fredinga. Innvendig i bygg får vi stort sett gjere som vi vil, og utvendig søkjer vi råd og finn løysingar saman med antikvariske myndigheiter. Det tek kanskje litt ekstra tid, men då får vi også gode løysingar som held seg over tid.

Tinfos Kulturmiljø Notodden og Tinfos er framleis nært knytt saman, sjølv om industriaktiviteten ikkje er den same i dag som for 100 år sidan. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Tinfos har alltid vore ei hjørnesteinsbedrift i Notodden og den har vore der frå før Notodden blei ein by. Sjølv om fabrikkområdet ikkje er like aktivt som for hundre år sidan, er området i dag opent for dei som ønskjer å oppleve historia.

– Dette var jo eit gammalt industriområde, som var stengt av med portar og vaktar. Men, det er ikkje lenger åtgang forbode slik det ein gong var. Det er tvert imot opent for alle. Området er i bruk, og det er fri ferdsel. Vi ønskjer å halde det flotte kulturmiljøet vårt i hevd, og alle som kjem til oss får eit godt inntrykk av både Notodden og Tinfos.

Kjelder:

Store norske leksikon

Riksantikvaren sine nettsider

Høydal, Hallgrim (1994): Drivkraft i hundre år – Tinfos Papirfabrikk – Tinfos AS 1894 – 1994, Tinfos AS

Norsk industriarbeidermuseum (2018): Rjukan = Notodden – Industriarv, Industrial heritage, Industrieerbe, Norsk Industriarbeidermuseum og Telemark fylkeskommune