Nyheter

Har du kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2020?

Kjenner du nokon som gjer ein stor innsats for kulturminne? Fram til 30. juni kan du foreslå dei som kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2020.

Publisert: 9. juni 2020 | Endret: 29. januar 2024

Torbjørn Løland og Per Olav Mathiesen, vinnarar av kulturminneprisen 2019. Prisen i 2019 vart delt av Torbjørn Løland frå Hyllestad og Per Olav Mathiesen frå Rendalen. Dei fekk kulturminneprisen for sitt arbeid for kunnskap om arkeologiske kulturminne. To ulike områder i Noreg, og to verdige vinnarar. Bilete er frå ei synfaring i Stavanger domkyrkje, oktober 2019. Foto: Gunvor Haustveit, Riksantikvaren
Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for:
  • bevaring og/eller restaurering av kulturminne
  • formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt
  • bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne

Om prisen

Prisen består av eit kunstverk, diplom og 25 000 kroner.

Nominasjon

Nominasjonsfristen er 30. juni 2020

Her kan du lese meir om prisen og nominere kandidatar

Frist: 30. juni 2020

Riksantikvarens kulturminnepris

Tidlegare vinnarar av kulturminneprisen
2019: Torbjørn Løland og Per Olav Mathiesen
2018: Foreningen Gamle Skudeneshavn
2017: Rindegården v/eierne Monica Lill Normann og Mads Rogn
2016: Morten Tranøy og Carl Frederik Thorsager
2015: Else «Sprossa» Rønnevig
2014: Hjerleid skole og håndverkssenter
2013: Johannes Rørtveit
2012: Geirr Vetti