SEFRAK – register over eldre bygningar

SEFRAK (SEkretariatet For Registrering Av faste Kulturminne i Noreg) er eit landsdekkande register over eldre bygningar og andre kulturminne. Registreringa vart gjennomført som feltarbeid i åra 1975-1995. I Finnmark vart bygningar bygde før 1945 registrerte, medan det for resten av landet vart registrert bygningar bygde før 1900. Bygningane vart også kartfesta, oppmålt og fotografert. I alt er det registrert ca. 515.000 einingar i SEFRAK-registeret.

SEFRAK (SEkretariatet For Registrering Av faste Kulturminne i Noreg ) er eit landsdekkande register over eldre bygningar og andre kulturminne. SEFRAK-registreringa vart gjennomført som feltarbeid i åra 1975-1995. I Finnmark vart bygningar bygde før 1945 registrerte, medan det for resten av landet vart registrert bygningar bygde før 1900. Bygningane vart også kartfesta, oppmålt og fotografert. I alt er det registrert ca. 515.000 einingar i SEFRAK-registeret.
Kontakt kommunen!
Dersom du eig ein bygning som er SEFRAK-registrert, kan du kontakte kulturetaten i kommunen og be om kopi av originalskjemaet med alle opplysningane om bygningen. 
Sjå eksempel på SEFRAK-skjema (pdf) »
Materialet etter registreringane er oppbevart hjå fylkeskommunane, medan storparten av fotomaterialet er oppbevart i Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. Informasjonen om bygningane i SEFRAK-registeret er i dag ein del av Riksantikvarens kulturminnedatabase Askeladden (http://www.riksantikvaren.no/Norsk/Askeladden/), som alle kommunar og fylkeskommunar har tilgang til. 
Opplysningane er også ein del av Kartverkets eigedomsregister Matrikkelen (http://www.statkart.no/nor/Matrikkel/), og såleis tilgjengeleg for den kommunale og fylkeskommunale forvaltninga.  Riksantikvaren publiserer dessutan data frå SEFRAK som ein WMS-teneste til bruk i geografiske informasjonssystem (GIS).
Restriksjonar?
Bygningar som er SEFRAK- registrerte er ikkje tillagt spesielle restriksjonar. Registreringa fungerer meir som eit varsko om at det bør gjerast ei lokal vurdering av verneverdien før ein eventuelt gir løyve til å rive, flytte eller endre bygningen. For bygningar som er eldre enn 1850, er det lovfesta (Kulturminnelova §25 http://www.lovdata.no/all/tl-19780609-050-006.html#25) at ei slik vurdering må gjerast før bygge- eller rivingssøknad blir godkjent. Det er likevel mogleg for kommunen å gje løyve til riving sjølv om kulturminnemyndigheitene (fylkeskommunen) tilrår at bygget bør vernast.
Er huset mitt registrert i SEFRAK?
På nettsida ”Miljødata på kart” (http://www.miljostatus.no/kart/) kan du sjekke om huset ditt er registert i SEFRAK-registeret. Kryss av for SEFRAK under ”kulturminner” og zoom deg inn på kartet. Raud trekant betyr at det er eit meldepliktig SEFRAK-bygg, medan dei andre SEFRAK-bygga er gule. Ein grå trekant viser at bygningen er blitt fjerna. Klikk på trekanten, så kan du få opp litt av den informasjonen som er registrert om kvar enkelt bygning.
Formålet med SEFRAK-registeret
SEFRAK er først og fremst eit generelt kulturhistorisk register som særleg har verdi som kjeldemateriale for lokal historie. Men registeret vert også nytta av forvaltninga som eit utgangspunkt for å finne verneverdige bygningar. 
Les meir om årleg tap av SEFRAK-bygningar på nettstaden miljøstatus.no. (http://www.miljostatus.no/miljomal/Mal-og-nokkeltall/Kulturminner/tap-kulturminner-minimaliseres/tap-sefrak/arlig-tap-sefrak/) Kontakt kommunen!

Kontakt kommunen!

Dersom du eig ein bygning som er SEFRAK-registrert, kan du kontakte kulturetaten i kommunen og be om kopi av originalskjemaet med alle opplysningane om bygningen. 

Sjå eksempel på SEFRAK-skjema (pdf) »

Materialet etter registreringane er oppbevart hjå fylkeskommunane, medan storparten av fotomaterialet er oppbevart i Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. Informasjonen om bygningane i SEFRAK-registeret er i dag ein del av Riksantikvarens kulturminnedatabase Askeladden, som alle kommunar og fylkeskommunar har tilgang til. 

Opplysningane er også ein del av Kartverkets eigedomsregister Matrikkelen, og såleis tilgjengeleg for den kommunale og fylkeskommunale forvaltninga.  Riksantikvaren publiserer dessutan data frå SEFRAK som ein WMS-teneste til bruk i geografiske informasjonssystem (GIS).

Restriksjonar?

Bygningar som er SEFRAK- registrerte er ikkje tillagt spesielle restriksjonar. Registreringa fungerer meir som eit varsko om at det bør gjerast ei lokal vurdering av verneverdien før ein eventuelt gir løyve til å rive, flytte eller endre bygningen. For bygningar som er eldre enn 1850, er det lovfesta (Kulturminnelova §25) at ei slik vurdering må gjerast før bygge- eller rivingssøknad blir godkjent. Det er likevel mogleg for kommunen å gje løyve til riving sjølv om kulturminnemyndigheitene (fylkeskommunen) tilrår at bygget bør vernast.

Er huset mitt registrert i SEFRAK?

På nettsida ”Miljødata på kart” kan du sjekke om huset ditt er registert i SEFRAK-registeret. Kryss av for SEFRAK under ”kulturminner” og zoom deg inn på kartet. Raud trekant betyr at det er eit meldepliktig SEFRAK-bygg, medan dei andre SEFRAK-bygga er gule. Ein grå trekant viser at bygningen er blitt fjerna. Klikk på trekanten, så kan du få opp litt av den informasjonen som er registrert om kvar enkelt bygning.

Formålet med SEFRAK-registeret

SEFRAK er først og fremst eit generelt kulturhistorisk register som særleg har verdi som kjeldemateriale for lokal historie. Men registeret vert også nytta av forvaltninga som eit utgangspunkt for å finne verneverdige bygningar. Les meir om årleg tap av SEFRAK-bygningar på nettstaden miljøstatus.no.  

Oppdatert 10. desember 2012 © Riksantikvaren

Kalender

jun juli 2014 aug
  m t o t f l s
27 1 2 3 4 5 6
28 7 8 9 10 11 12 13
29 14 15 16 17 18 19 20
30 21 22 23 24 25 26 27
31 28 29 30 31
01. august 14Fredning av Skippergata 43 i Kristiansand, bygården til eidsvollsmannen Peder Johnsen
02. august 14Fredning av Terningen skanse på Elverum
16. august 14Fredning av Fredriksten festning
01. september 14Boklansering: De kom fra alle kanter - eidsvollsmennene og deres hus
18. september 14Utviklingsnett: Friluftsliv og kulturminner