Fest og frivillighet

I byen mellom dei sju fjell vart den største samlinga og feiringa av veterankjøretøy i Noreg, Fjordsteam, arrangert i 2022.

Frivillige og publikum er med på gjere Fjordsteam til ein ordentleg fest.

Fjordfest i Bergen

Av: Øyvind Aase Fluge
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Om lag annakvart år kjem store delar av den verneverdige flåten i Noreg til Fjordsteam, i tillegg til bilar og bussar, fly, trikkar og fleire andre rørlege kulturminne. Kystkulturen står sterkt, både i Bergen og i områda rundt. Her er nærleik til Bryggen, kystlandskapet rundt innseglinga til byen, strilelandet og hundreår med handel frå Nord-Noreg til Sør-Europa. Historia er viktig for folk. Men, dette er ikkje ein festival som berre er til for bergensarar, ei heller for kystfolk og fartøy. Hit kjem folk frå heile landet. Felles er lidenskapen for kulturarv. Det er ei storstilt feiring av kulturminne frå samferdslesektoren.

Innseglinga til sentrum er eit flott syn. Her ser ein kontrastane mellom den verneverdige flåten og moderne skipsfart. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

— No er ikkje eg ein utprega mann frå fartøyvernet, seier Carl Harbitz-Rasmussen.

Likevel er Carl ein av dei mange folka som står bak Fjordsteam. Bak dampskipa, bussane, trikkane og flya, står det folk som har inngåande kunnskap om kulturminna som ein kan sjå under Fjordsteam. Mange er pensjonerte eller aktive sjøfolk. Carl er sjølv flygar i SAS, men kjem likevel ikkje heilt unna å ha ei viss tilknyting til det maritime.

— Eg har jo vore til sjøs og er bevisst på historia mi, men i forhold til mange av dei andre som jobbar med fartøyvern så ser eg på meg sjølv som ein amatør. Men, eg har alltid vore fasinert av historie, kulturarv og samferdsle, seier han.

2022 var frivilligheita sitt år

  • Tal frå SSB syner at 1 av 6 gjer ein frivillig innsats for kulturmiljø.
  • Riksantikvaren lanserte i 2022 ein ny strategi for frIvilligheit på kulturmiljøfeltet. Strategien skal legge til rette for eit breitt frivillig engasjement for kulturmiljøvern

Flybensin og gjærbakst

Det er ikkje så mange som kan skryte på seg å ha stifta ein veteranbilklubb som sekstenåring, og i tillegg hatt som jobb å fly bakarvarer, i eit Dakota DC3 frå 1930-talet, for eit bakeri i Puerto Rico.

— Ingenting slår lukta av fersk gjærbakst og flybensin klokka fire om morgonen, seier han.

Harbitz-Rasmussen er engasjert, og han har yrkesbakgrunn frå transportsektoren. Dette har han til felles med mange av dei som engasjerer seg for kulturminne som rører seg. For dei frivillige i fartøyvernet har sjøen gjerne vore både arbeidsplass og næraste nabo.

Erik Småland, som til dagleg arbeider i seksjon for fartøyvern hjå Riksantikvaren, har skrive ein doktorgrad om det frivillige engasjementet i fartøyvernet.

— Dugnadsinnsatsen har både ei materiell og ei sosial side, seier han. Han argumenterer for at fartøya, for mange, blir symbol på ei tapt tid, og at denne tida er det mogleg å fasthalde ein flik av gjennom å restaurere fartøyet.

— Den frivillige innsatsen i fartøyvernet er viktig. Det engasjerer folk i lokalsamfunn over heile landet. Fartøya er ålment tilgjengelege og ein viktig del av lokale kulturmiljø. Innsatsen er eit omfattande økonomisk og fagleg bidrag til istandsetjing av kulturminna våre. Samstundes er den avgjerande for å sikre og vidareføre maritime tradisjonar og handverkskunnskap, seier Småland.

Det er feiring av alle former for bevegelig kulturarv ved Vågen og Bryggen i Bergen - også veteranfly. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Møteplass

Fjordsteam er ein møteplass, både for publikum og for dei frivillige. Og kulturminna som vert synte fram står ikkje berre på utstilling på Bryggen. Dampbåtar tek med seg folk på tur til Bergen sine nabokommunar, gamle rutebussar køyrer dei originale rutene sine, og både unge og gamle får vere med på reisa. I år var det også framsyning av flyakrobatikk. Harbitz-Rasmussen er klar på at arrangementet har utvikla seg sidan starten.

— Fjordsteam byrja som eit treff for likesinna, men enda opp med å bli det største og mest folkekjære arrangementet under kulturbyåret i Bergen i år 2000, seier han.

Dette er kulturvern som kjem nedanfrå.
Infrastruktur er kjenneteiknet på det moderne samfunnet, og rørlege kulturminne er truleg ein av dei største og raskast veksande delane av kulturmiljøvernet rekna etter talet på medlemar i organisasjonane.

Både unge og gamle er med på festen. Veteranbussane er ypparlege for rekruttering av unge bussjåførar.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Det er ikkje berre båtar som ein kan sjå under Fjordsteam. Her køyrer gamle brannbilar i kortesje over Bryggen.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Uvurderlege frivillige

Vaflar vert steikte, og kaffi vert kokt. Innsatsen dei frivillige legg ned for kulturmiljøvernet er uvurderleg, og bidreg til at viktige verdiar for fellesskapet blir tekne vare på. Det kjem oss alle til gode, og innsatsen er ei bærebjelke for kultur- arven vår. Men, vaffelsteiking er ikkje nok. For å halde store båtar flytande og fly i lufta treng ein spesialkunnskap.

— Når vi får inn nye, så må vi litt eldre vere klar over at det forpliktar overfor oss også. Eg hadde to stykk som ville arbeide med dei gamle båtane. Dei fekk bli med på båten D/S «Stavenes», under premissen at musikken til Reidar Bø og Kurt Foss skulle droppast til fordel for Radio NRJ, seier Harbitz-Rasmussen.

Frå 2013 og fram til årets arrangement har både talet på kulturminne og publikum auka. I år var også planen å få veterantrikken i Bergen i trafikk frå Høyden til Engen. Køyreleidning og driftsløyve vart akkurat ikkje klare til arrangementet. Men arbeidet engasjerer.

— Eg trur at det som skjer under Fjordsteam er at kreativiteten Om ein engasjerer seg for flytande, rullande eller flygande kulturminne er ikkje så farleg. Vi kjempar for same sak. I grunn er det berre objekta som skil oss, seier han.

Engasjement og livskraft

Det frivillige kulturlivet tek vare på kulturmiljø både nasjonalt og lokalt, og spenner frå organisasjonar som tek vare på verneverdige fartøy, bygg, samferdsleanlegg, veterantog, veteranbilar og kulturlandskap, og mykje meir. I tillegg til å ta vare på kulturarven vår er det frivillige arbeidet ein arena for felles, sosialt samvær. Den sosiale, helsemessige og trivselsskapande effekten av det frivillige arbeidet er særs viktig.

— Eg har hatt ei enorm glede av å arbeide frivillig, og organisasjonslivet gir meg livskvalitet. Det gir deg livsvarige relasjonar og kunnskap, og det får du ikkje med eit Netflix-abonnement, seier Carl Harbitz-Rasmussen.

Foreninger og frivillighet

Er du interessert å delta i frivillig arbeid, eller bli med i en forening?

Det kan du lese mer om her:
Kulturvernforbundet – oversikt over foreninger og frivillige
Bygg og bevar – foreninger 

Sola går ned over Vågen. Under Fjordsteam går dei gamle båtane i trafikk frå sentrum til dei gamle dampskipskaiane i kommunane kring Bergen. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren