Havråtunet

– eit av 12 freda kulturmiljø i Noreg

30 minutt nord for Bergen ligg Havråtunet, i eit brattlendt fjordlandskap langs Sørfjorden på sørsida av Osterøy.

Havrå er eit freda kulturmiljø, og her har det vore aktivitet i hundrevis av år

Det er også eit eldorado for ein tørrmurar. Her finn du norske akveduktar.

Men du kan ikkje sjå dei.

Norske akveduktar

Av: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren
Foto: Trond A. Isaksen

Tørrmuring er ein av dei eldste handverkstradisjonane i Noreg. Spesielt på vestlandet er det mange av dei, og bruken er mangslungen. Dei markerer tomtegrenser, brukast som grunnmur, gavlveggar og i potetkjellarar. Men den kanskje minst kjende varianten er kisteveita, eller sagt med ein smule vy, den «norske akvedukten». Men før vi går i dybden på dei gamle veitene må vi snakke litt om Havråtunet.

Havråtunet

Kommune: Osterøy
Fylke: Vestland
Fredningsår: 1998
Utstrekning: 2 072 557 m2

I eit typisk, dramatisk kulturlandskap, som så mange andre stader på vestlandet, ligg garden HavråGarden består i dag av 8 bruk, og arkeologiske stikkprøvar og pollenanalysar fortel om menneskeleg aktivitet på Havrå sidan steinalderen. Våningshusa og dei største driftsbygningane dannar eit dobbelt rekketun. Fleire godt bevarte kvernhus ligg langs den største bekken og fleire utløer (florar) ligg i tilknytning til det opphavlege samanhengande steingjerdet, som skil innmark frå utmark.

Havråtunet Foran i biletet ser ein ei vasskulp. Kvar går vatnet vidare herifrå mon tru? Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Fleire av driftsbygningane har ytterkleding av brake, eller einer, utanpå grindverkskonstruksjon. Dette er ein gammal byggetradisjon som i dag berre er bevart i eit avgrensa område i Nord- og Midthordland, med Osterøy som kjerneområde. Det har vore svært lite nybygging på Havrå i dei seinare åra. Derimot har det vore fleire restaureringsprosjekt.

Havråtunet Dei karakteristiske veggane med brakekleding og dryppheller. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Den norske akvedukten – kisteveita

Eg kom til Havrå for fyste gong 16. Juni 2015, i følgje min eigen instagramprofil. Denne dagen posta eg eit bilete med teksta «På lønningslista til kulturminnefonnet…». Fake news og dårleg norsk i same pakke. Huff. Eg hadde ikkje heilt oversikt over tilskotsjungelen den gongen, og er vel ikkje heilt stødig den dag i dag heller. Eg har i alle fall kome fram til at eg etter alle solemerke var på lønningslista til Riksantikvaren, med tanke på at Havråtunet er eit freda kulturmiljø. Tilfeldig eller ikkje, så er eg i skrivande stund også på denne lønningslista. No som informasjonsarbeidar, den gong som tørrmurar, utsend til Havrå, saman med nokre kollegaer, for å restaurere kisteveiter. 

Havråtunet Det er bratt i bakkane på Havrå.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Havråtunet Kisteveitene snirklar seg under husa på tunet.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Havråtunet Det er mange tørrmurar på tunet, i tillegg til den karakteristiske brakekledinga på veggane.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Gråsteinsmosaikk

På Havrå er det mange grøfter, eller veiter. Ei kisteveit, eller ei veit, kan seiast å vere ei attmura grøft. Den er karakterisert ved at det er oppmura vangar på sidene, som skal hindre massane frå å renne inn i grøfta og sørgje for god gjennomstrøyming av vatn. I tillegg har den eit “kistelòk” i form av ei steinhelle på toppen. På Havrå var det problem med gjennomstrøyming av vatn i dei gamle veitene. Då vi tok av steinhella på toppen for å sjå nærare på dei, såg vi raskt at desse veitene var skikkeleg bygd. Botnen av veita var hellelagd med stein, som ein gråsteinsmosaikk.

Freding av kulturmiljø

  • Eit kulturmiljø kan fredast for å bevare eit område sin kulturhistoriske verdi.  
  • Det er berre bygningane sitt ytre som blir freda, ikkje interiøret 
  • Andre delar av miljøet, som gateløp, allmenningar, parkar og andre grøntstrukturar, kan også være del av fredinga. 
  • Når eit kulturmiljø er freda, tyder det at utvendig arbeid på bygningar og anlegg, utover vanleg vedlikehald, krev godkjenning frå kulturminneforvaltninga. 
  • Vedtak om kulturmiljøfreding gjerast av Kongen i statsråd. 
  • Tolv kulturmiljøer er freda i Noreg.
Havråtunet Her står blomane i vindauget, og gardinene er ikkje trekt for. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Sjølv om veitene var vanlege, så er det ikkje så mange som veit om desse i dag. Dei vart etterkvart erstatta av røyr i keramikk, jern og plast. Det finnast heller ikkje mykje litteratur om kisteveiter. Men i dette utdraget, frå ein instruks for arbeid med vegar i Bergens stift som blei utgjeven av Christopher Johannes Hammers i 1794, kan ein faktsik finne ei konkret skildring av korleis ei kisteveit skal byggast: 

«Bunden av denne Grøft belægges med fladagtige Steene jevnt og tet tilsammen, som allevegne, hvor Grunden ikke bestaar af fast Bierg eller Steen-Gruus, maa iagttages (thi Vandet bløder den haardeste Leer og bortfører Jorden, saa at en Steen Kiste, uden saadan Steen Bund, efter gandske kort Tiids Forløb falder sammen og paa nye maa oparbejdes) paa denne Grundvold opføres Steen-Kistens Siide-Muure, og gives Aabning og Høyde, efter den større eller mindre Mængde Vand, som den skal mottage, og Aabningen dækkes med Steen Heller tet tilsammen.» – Christoffer Johannes Hammer, 1794 

Så enkelt, og effektivt er det altså. Og som handverkar er det alltid kjekt å ha ei oppskrift, sjølv ei som skriv seg frå 1700-talet. Det seiast elles at C. J. Hammer var temmeleg høg på seg sjølv. Då vegarbeidet var ferdig, fekk han laga ei marmorsøyle som blei plassert ved vegen oppe på Filefjell (staden ligg kring 7 km frå Maristova og ca. 3 km frå Kyrkjestølen på Filefjellet). Men dette er ei anna historie.

Havråtunet Under desse hellene ligg kisteveita.
Foto: Øyvind Aase Fluge, privat
Havråtunet Vatnet strøymar gjennom, og oppattmuringa av vangane er i gang.
Foto: Øyvind Aase Fluge, privat
Havråtunet Her er kisteveita nær ferdig restaurert, og kistelóket kan etterkvart kome på plass.
Foto: Øyvind Aase Fluge, privat

Vestlandsvær og blodslit

Har du nokonsinne grave ei grøft? Då veit du at det er eit slit. Særleg på vestlandet, og spesielt i dårleg ver. Du vert full i skit og vatnet kjem inn over alt. Men grøftegraving er viktig og jobben må gjerast. Grøftene leier jo trass alt vatnet vekk frå gard og grunn! Ein ser dei kanskje ikkje, men vissheita om at dei ligg der, nede i jorda, fyller ein (vestlendning) med von og tryggleik. Dersom vatnet renn vekk, så er alt godt. Då slepp ein å bekymre seg for at skogsvegen skal rasa ut, og at kjellaren skal fyllast med vatn. Sauene står trygt på floren og risikoen for at dei fer på fjorden er låg.

Havråtunet Blomane står framme på den gamle trappa. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

 Mykje av livet på Havrå gjennom tidene speglar seg, etter mi meining, nettopp i desse veitene. Ein kan alltids vurdere eit kulturminne utifrå ei mengd kriterier. På Havrå kan ein sjå på bygningar, plasseringa og funksjonen deira, materialbruk, tekniske innretningar (f.eks. løypestrenger), og spor i landskapet. Her ser ein raskt at det er store kulturminneverdier. 

Havråtunet Uthusa på bileta har torv og helllagte tak Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Veitene bind det heile saman. Dei snor seg gjennom tunet. Dei går under bygg, mellom hus, ut i ein open kulp, fram, tilbake og til slutt ut og ned i fjorden. Men du kan ikkje sjå dei. Du veit berre at dei er der, og må stole på at dei i endå nokre hundre år sørger for drenering av kulturminnene på Havrå.  

Havråtunet Vestlandsvær og bratte bakkar til tross, slåtten går sin gang på Havrå. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Fleibruk er ikkje eit nytt fenomen

Veitene har hatt fleirbruk. Det har vore drikkevasskjelde for menneske og dyr. Det har vore kloakk, og fungert som dreneringssystem. Eit komplisert teknisk system med ein viktig funksjon for det vesle samfunnet på Havrå. Kanskje var det nettopp denne fleirbruken som gjorde at ein brukte ekstra tid og krefter på å gjere veitene solide. Eller så var det fordi, og denne løysinga trur eg mest på, at ein helst ville sleppe å grave dei opp att.

Havråtunet Litt gråvær hindrar ikkje arbeidet med hesjinga. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Havråtunet har eit av Noregs mest fascinerande akveduktsystem. Sjølv for dei som ikkje arbeider med tørrmuring. Men til forskjell frå akveduktane i dei sørlege delane av Europa er dei ikkje synlege. Dei ligg nedgravne, under bakken. Likevel skortar det altså ikkje på den handverksmessige kvaliteten. Det seier sitt om kva for ein plass Havråtunet er, og kor viktig eit godt dreneringssystem har vore for dei som har budd der.