1Hjelp til å ta kulturminnet ditt i bruk

Bruk er det beste vern. Kulturminne og kulturmiljø er ein viktig ressurs for samfunnet, for næringsliv, reiseliv og nærmiljø. Dei skapar opplevingar og gode stadar å bu, besøke og leve i. Når kulturminne blir nytta som ressurs, aukar også sjansen for at kulturminne blir tekne vare på. Riksantikvaren har laga denne rettleiaren for å hjelpe deg som vil ta vare på og taka i bruk kulturminnet ditt til næringsformål.

Råda i rettleiaren gjeld planlegging og prosess

Når næringsdrivande skal etablere ny næring i eit hus med vern, kan det vere vanskeleg å vite kva for myndigheiter som må involverast og når, kva ein må søke om og korleis ein kan få hjelp. Rettleiaren gjev ei overordna oversikt over prosessen, informasjon om dei vanlegaste myndigheitene ein kjem i kontakt med, og råd om ting du som tiltakshavar bør tenke på når du skal planlegge tiltaket.

Rettleiaren kan også vere nyttig for dei ulike myndigheitene i sin dialog med tiltakshavar, og med kvarandre.

Rettleiaren gjeld næring i bygningar med vern

Rettleiaren tek utgangspunkt i vanlege næringar i eldre bygningar med vern, og omtalar difor dei myndigheitene ein oftast kjem i kontakt med i den samanhengen. Du kan ha nytte av rettleiaren, sjølv om huset ditt ikkje er verna. Skal du for eksempel vere arbeidsgjevar vil arbeidsmiljølovgjevinga gjelde uansett.

Ulike typar vern

  • Freding etter kulturminnelova (eller svalbardmiljølova) er den sterkaste forma for vern, og betyr at inngrep og endringar ut over vanleg vedlikehald må godkjennast av kulturmiljømyndigheitene.
  • Enkelte kulturminne er automatisk freda, for eksempel bygningar og arkeologiske kulturminne under bakken frå før 1537, og samiske kulturminne frå før 1917. Inngrep i automatisk freda kulturminne må godkjennast av kulturmiljømyndigheitene.
  • Bygningar kan ha vern etter plan- og bygningslova, i desse tilfella er det kommunen som handsamar søknadspliktige tiltak.
  • Det finns også andre verkemiddel for vern, som listeføring. Listeførte bygningar er verneverdige, og det finns retningslinjer for korleis dei skal bli forvalta. Det er kommunen som handsamar søknadspliktige tiltak. Eksempel på listeføring er Riksantikvaren si oversikt over Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse eller Byantikvaren i Oslo si Gule liste. Verdsarvstatus er også ein type listeføring.

Sentrale myndigheiter når du skal etablere næring i verna hus

I denne rettleiaren omtalar vi dei myndigheitene du oftast vil trenge å kontakte om du skal etablere næringsverksemd i eit hus med vern. Dette er:

  • Kommunen
  • Kulturminneforvaltinga (fylkeskommunen, Sametinget eller Riksantikvaren)
  • Arbeidstilsynet
  • Mattilsynet

For å få oversikt over om andre myndigheiter sine ansvarsområde som gjeld, kan du spørje kommunen, for eksempel i ein førehandskonferanse. Ein ansvarleg søkar kan også gje informasjon om dette.

Løysinga på behovet ditt finn du i sakshandsamingsprosessen

Kvart tiltak, kvart hus og kvar sak er særeigen. Det er i planlegginga og søknadsprosessen du finn ut kva som er rett svar for din bygning og for ditt tiltak. Rettleiaren gjev råd som kan bidra til at prosessen frå idé til ferdig tiltak blir gjennomført på ein effektiv og god måte, og at du får naudsynte avklaringar på eit tidleg tidspunkt. Rettleiaren gjev råd på eit overordna nivå og viser til nettsidene til myndigheitene du kan ha behov for å kontakte for detaljert og oppdatert informasjon.

Søknadsprosessar følgjer faste reglar. Dersom du skal etablere ny næring i eit verna hus og kanskje også endre bruken av bygget, treng du løyve til å gjere dette. Figur 1 viser dei overordna trinna i ein søknadsprosess for å få slike løyve.

2Råd til den næringsdrivande i planleggingsfasen

Her får du råd og erfaringar frå andre som har etablert næring i kulturminne og ei lenke til ei sjekkliste du kan bruke når du skal planlegge tiltaket ditt.

Råd til deg som skal i gang med eit prosjekt:

  • Førebu deg. Kva moglegheiter og avgrensingar gjev bygningen? Har bygningen og nærmiljøet kvalitetar du kan spele på og føre vidare? Finn ut kva dei er! Ei tilstandsvurdering av bygningen kan gje eit godt grunnlag for å vurdere om det er behov for istandsetting eller restaurering. Kva inngrep krev tiltaket du planlegg, kva for lovkrav gjeld for typen verksemd du ønskjer, og kva for rammer set vernet? Er det tilhøve som kan virke inn på kvarandre? Denne sjekklista kan vere til hjelp når du skal førebu deg til tidleg dialog med kommunen og andre myndigheiter.
  • Ver open for at det finst fleire måtar å løyse ei utfordring på. Ta utgangspunkt i bygningen og dei eigenskapane den har, og dei krava som blir stilt til tiltaket. Kanskje finst det fleire måtar å løyse behov og utfordringar på, som er annleis enn det du først såg føre deg? Kva har andre gjort som kan inspirera deg? Eksempelsamlinga til Riksantikvaren syner korleis andre med verna bygningar har funne løysingar.
  • Snakk med andre. Nokon har sannsynlegvis gjort noko tilsvarande før deg. Dersom det finst næringsforeiningar eller andre nettverk i kommunen kan det vere nyttig å ta kontakt med desse. Fleire fylke og kommunar har bygningsvernsenter og museum som også kan vere ressursar og mange kommunar har også eigne antikvarar. Tradisjonshandverkarar kan også finne gode løysingar for gamle hus. Både kommunen og fylkeskommunen/Sametinget kan ha råd om det finst aktuelle nettverk du kan kontakte.
  • Vurder å hente inn hjelp tidleg i prosessen. Tidleg rettleiing og fagkyndig hjelp kan bidra til at du sparar tid og ressursar og utfører nødvendige kartleggingar. Er det du skal gjere søknadspliktig etter plan- og bygningsloven, kan det vere eit krav om bruk av ein ansvarleg søkar. I mange tilfelle kan det vere lurt å hente inn ein ansvarleg søkar sjølv om det ikkje er krav om det, gjerne allereie i planleggingsfasen. Tidleg bistand frå arkitekt eller andre kan gjere at du får gode forslag til løysingar som kan godkjennast, og at du sparer tid.

Kven er ansvarleg søkar?

Ansvarleg søkar er tiltakshavar sin representant ovanfor kommunen. Tiltakshavar er den som vil gjennomføre eit tiltak, oftast eigar eller ein leigetakar. Ansvarleg søkar er ofte eit firma, ein arkitekt, entreprenør eller annan kvalifisert rådgjevar. Ansvarleg søkar kan informere om det er behov for førehandskonferanse, delta i førehandskonferanse, og har ansvar for at søknad til kommunen inneheld naudsynt informasjon, og andre administrative oppgåver. Les meir om ansvarleg søkar si rolle her.

  • Sett av nok tid. I dei fleste søknadsprosessar der fleire myndigheiter er involverte, kan du rekne med at det vil gå med noko tid på sakshandsaming, dialog og ettersending av informasjon. Ofte har myndigheitene ulik sakshandsamingstid. Ein god måte å få oversikt tidleg på er å be kommunen om ein førehandskonferanse. Her kan det også vere lurt å ha med ein ansvarleg søkar.

Førehandskonferanse (pbl. §21-5 og SAK10)

Tiltakshavar kan krevje førehandskonferanse med kommunen for å opprette tidleg kontakt mellom tiltakshavar og kommunen. Førehandskonferansen kan nyttast til å avklare rammer og innhald i tiltaket, gje oversikt over kommunale planar, og andre krav og føresegner som gjeld. Kommunen er samordningsmyndigheit og kan informere om kva for myndigheiter det trengs løyve eller uttale frå, og kven det er som må hente inn dette. Du kan snakke både med kommunen og andre myndigheiter før eller i staden for førehandskonferansen. Tidlege avklaringar med relevante sektormyndigheiter kan gje meir effektive bygge- og sakshandsamingsprosessar. Les meir om førehandskonferanse her.

  • Still spørsmål og informer. Kontakt relevante myndigheiter tidleg, for å kunne planlegge og få nødvendig rettleiing. Informerer den enkelte myndigheit om kva for krav som gjeld for tiltaket ditt. Til dømes kan ikkje kulturmiljøforvaltinga ta omsyn til krav knytt til arbeidsmiljø eller matproduksjon i sine vurderingar om dei ikkje er kjent med desse krava.

Sjekkliste for planlegging av tiltak på verna bygning

Her finn du ei sjekkliste du kan bruka i den tidlege planlegginga av tiltaket. Sjekklista erstattar ikkje bruk av skjema eller krav kommunen, fylkeskommunen/Sametinget eller andre stiller for å kunne handsama søknaden din, men kan vere er ein stad å samle informasjon du treng i tidleg dialog med ulike myndigheiter.

Ved ny bruk av eldre bygning bør du undersøke moglegheita for unntak frå lovkrav

Når du skal ta ein eldre bygning i bruk til noko den kanskje ikkje vart bygd for, betyr dette ofte at bygningen ikkje kan møte dagens krav etter lova. Å avdekke kva som er mogleg å få til i bygningen din på eit tidleg tidspunkt som mogleg er difor viktig.

Når du skal planlegge eit tiltak er det viktig å først sjå til dei generelle krava i lovverket og om ditt tiltak kan oppfylle desse. Dersom det ikkje let seg gjere, kan du sjå på om det finst andre moglegheiter å løyse krava på. Hovudkrava og omsyna som dei enkelte lovverka skal dekke ligg i utgangspunktet fast, men det finns enkelte moglegheiter for unntak eller dispensasjon. Føresetnaden er at omsynet som lova skal sikre, blir teken i vare. Dette er det den enkelte myndigheita som avgjer. For eksempel vil det ikkje bli gjeve løyve til løysingar på ein arbeidsplass som ikkje er sikre for arbeidstakarar.

Eksempel på unntaksmoglegheiter frå lovverk

Kommunen kan etter søknad gje unntak frå byggtekniske krav når tiltaket er forsvarleg ut i frå sikkerheit, helse og miljø. I vurderinga kan kommunen legge vekt mellom anna på alderen til bygningen, og formell vernestatus.

Kulturmiljømyndigheita kan gje dispensasjon frå freding når tiltaket ikkje utgjer vesentleg endring eller ved særlege tilfelle. Særlege tilfelle kan for eksempel vere tiltak av vesentleg samfunnsmessig tyding, som tilrettelegging og universell utforming, krav til helse, miljø og sikkerheit som er heimla i andre særreglar  som i arbeidsmiljølova. Les meir her: Dispensasjonsveileder – Riksantikvaren

3Kven er myndigheitene og kva for ansvarsområde har dei?

Ulike myndigheiter har ulike ansvarsområde. Tidleg rettleiing frå riktig myndigheit kan vere til hjelp i planlegginga av tiltaket ditt. Her får du overordna informasjon om kommunen, kulturmiljøforvaltinga, Arbeidstilsynet og Mattilsynet og deira ansvarsområde.

Med myndigheit meiner vi offentlege instansar som forvaltar ulike lovar, som kommunen, Sametinget, fylkeskommunen eller Mattilsynet.

Kommunen sitt ansvarsområde

Som regel er den første myndigheita du bør ta kontakt med kommunen. Kommunen handsamar saker etter plan- og bygningslova og har ansvar for å halde førehandskonferanse. Her kan du få informasjon om kva for løyve du treng å hente inn frå andre myndigheiter, og om tiltaket krev bruksendring. Dersom bygningen er verna etter plan- og bygningslova eller listeført er dette også noko du kan spørje kommunen om.

Kommunen sitt ansvarsområde er mellom anna

  • førehandskonferanse
  • å handsame byggesaker (søknad om tiltak) etter plan- og bygningslova. Dette gjeld også når det er gjeve løyve til tiltaket etter anna lovverk, som for eksempel kulturminnelova
  • vern etter plan- og bygningslova
  • å handsame søknad om bruksendring og å vurdere behov for regulering
  • samordning, altså å sjå til at dei rette myndigheitene har vore involverte i saken før kommunen skal behandle søknaden

Du kan undersøke på kommunen sine nettsider kva for bruk som er lov på din eigedom/bygning. Dette finn du informasjon om i gjeldande plan for eigedomen, enten i ein reguleringsplan, eller i kommuneplanen sin arealdel.

Om bruksendring

Dersom du skal taka i bruk bygningen din til eit nytt føremål som ikkje tidlegare er godkjent, kan dette bety at du må søke om bruksendring. Eksempel på dette er når du vil taka i bruk ein låve til overnatting, eller ein gamal bustad som kafé. Du bør snakke med kommunen på eit tidleg tidspunkt om dette, for eksempel i førehandskonferansen og om mogleg tidlegare. Då kan du også spørje om ei bruksendring vil medføre tilleggskrav, enten det er snakk om byggtekniske krav til sjølve bygningen, tiltak ute eller i grunnen, eller om det er krav om regulering etter plan- og bygningslova. Du kan også spørje om moglegheita for å få unntak frå dei byggtekniske krava.

Kulturmiljømyndigheitene – fylkeskommunen, Sametinget og Riksantikvaren

Kulturmiljømyndigheitene har forvaltingsansvar for kulturminne og kulturmiljø. Dersom du har ein bygning som er freda, eller står på eller ved eit automatiske freda kulturminne bør du ta tidleg kontakt med kulturmiljømyndigheita for å undersøke kva for tiltak som kan gjennomførast og kva du må søke om. Då blir det enklare å finne gode løysingar.

For freda bygningar er det fylkeskommunen eller Sametinget som er kulturmiljømyndigheit. I enkelte tilfelle er det Riksantikvaren. Kven som er riktig myndigheit for din freda bygning, står i fredingsvedtaket. Du kan også ta kontakt og spørje.

I enkelte tilfelle kan bygningen både vere freda og ha fått vern etter plan- og bygningslova. I desse tilfella skal saka handsamast både av kulturmiljømyndigheita og kommunen. Kommunen vil ta omsynet til kommunalt vern i vare som del av byggesaka.

Kulturmiljøforvaltinga sitt ansvarsområde er å

  • rettleie tiltakshavarar og eigarar av eigedom freda etter kulturminnelova
  • handsame søknad om tiltak på eller i freda kulturminne og -miljø. Det skal ligge føre løyve, altså ein dispensasjon frå fredinga, før tiltaket kan godkjennast av kommunen, og det er tiltakshavar som hentar inn løyvet
  • gje uttale til byggesak etter plan- og bygningsloven dersom dette er eit krav frå kommunen. Det er som regel kommunen som hentar inn denne uttalen

Freding etter kulturminnelova skal vere eit gode både for eigar og for samfunnet. Eigarar skal oppleve at kulturmiljøforvaltinga er løysingsorientert og legg til rette for at kulturminna er i bruk. Tilrettelegging for ny bruk er difor viktig, og skal bidra til næringsutvikling og verdiskaping. (Kjelde: Dispensasjonsveileder – Riksantikvaren)

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet følgjer opp at verksemdene tek sitt ansvar etter arbeidsmiljølovgjevinga, allmenngjeringslovgjevinga og anna regelverk som er tillagt mynda til Arbeidstilsynet. Føremålet med denne lovgjevinga er kort sagt å sikre omsynet til arbeidstakar. Tiltakshavar må søke Arbeidstilsynet om samtykke når tiltaket er søknadspliktig etter plan- og bygningslova og dersom bygninga/lokala, no eller i framtida, skal brukast av verksemd som har arbeidstakarar.  Arbeidsmiljølova krev at tiltakshavar sjølv hentar inn samtykke.

Arbeidstilsynet sitt ansvarsområde er

  • oppfølging av at verksemdene følgjer reglar tillagt mynda til Arbeidstilsynet. Relevante krav til arbeidsmiljø gjeld enten tiltaket er søknadspliktig eller ikkje
  • sakshandsaming (godkjenning eller avslag) for lokale som blir, eller skal nyttast av verksemd med arbeidstakarar

Godkjenning frå Arbeidstilsynet skal ligge føre før kommunen kan gje løyve til å sette i gong tiltaket (løyve til igangsetting). Det er tiltakshavar eller ansvarleg søkar som må hente inn løyvet. Koplar du inn Arbeidstilsynet tidleg nok kan det bli lettare å få tidleg godkjenning av tiltaket. Arbeidstilsynet har også utarbeidd ein del preaksepterte løysingar som også kan vere nyttig i dialog med andre myndigheiter.

Arbeidstilsynet har ein eigen fane på nettsidene sine som fortel kva som gjeld for tiltakshavar. Her gjev Arbeidstilsynet ei oversikt over aktuelle tema, regelverk, forklaringar og rettleiing til søknadsprosess: https://www.arbeidstilsynet.no/tema/byggesak/.

Mattilsynet

Mattilsynet er eit statleg, landsdekkande forvaltingsorgan som arbeider med forvalting av matlova. Denne lova stiller ei rekke krav og forpliktingar til næringsmiddel. Har du ei bedrift med matproduksjon, ligg krav og forpliktingar etter matlova til grunn for verksemda.

På nettsidene sine har Mattilsynet ei temabasert oversikt over regelverket, forklaringar og rettleiingar til dette, skjema, gebyr, kontaktinformasjon, tilsyn og mykje meir: https://www.mattilsynet.no/mat_og_ vann/

Mattilsynet sitt ansvarsområde

Alle som driv næringsmiddelverksemd må registrere seg hos Mattilsynet. Produserer du animalske næringsmiddel er hovudregelen at du skal vere godkjent av Mattilsynet.  For å registrere deg eller for å få godkjenning brukar du denne lenka: Registrering og godkjenning av verksemder Her brukar du skjemaet «ny matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialer».

Dersom du skal knytte verksemda til eit føretak, bør du sørge for å vere registrert i Brønnøysundregistra før du sender melding til Mattilsynet.

Kva skal til for å starte opp drift av næringa:

  • Registreringspliktige verksemder kan starte opp når Mattilsynet har motteke melding om etablering. Dette gjeld aktivitetar som servering og detaljhandel med sal/omsetning direkte til forbrukar og for produksjon av ikkje-animalske råvarer som frukt, grønt, korn.
  •  Godkjenningspliktige verksemder må søke om godkjenning ved bruk av skjematenesta til Mattilsynet, og kan ikkje starte opp utan å ha fått godkjenning frå Mattilsynet. Dette betyr at kommunen kan gje sitt løyve i byggesaka, men at du likevel må vente på Mattilsynet sitt løyve før du set i gong tiltaket.

Krav til tiltak kan ligge i fleire lovverk og påverke kvarandre

Enkelte krav er forankra i fleire lovverk. Det betyr at fleire myndigheiter blir involverte. Dette gjeld for eksempel tematikken tilgjengelegheit og universell utforming. Tilgjengelegheit for alle er ei viktig lovpålagt oppgåve som blant anna følgjer av byggteknisk forskrift (TEK17), likestilling- og diskrimineringslova og arbeidsmiljølova. Det same gjeld ventilasjon, der det er generelle krav etter byggteknisk forskrift, men også krav knytt til arbeidsmiljø.

Planlegg ein for tema som brannsikkerheit, ventilasjon og kulturmiljø samstundes og i tidleg dialog med myndigheitene og med fagkyndig hjelp, kan ein finne løysingar som er betre, godt tilpassa bygningen og som er mindre kostnadskrevjande enn om ein planlegg dei kvar for seg.

Andre ansvarsområde

Det kan hende du ønskjer å etablere ei næring eller ein aktivitet som involverer andre lovverk og myndigheiter enn dei som er nemnd i denne rettleiaren. Då må du sikre at regelverket som gjeld den aktuelle næringa blir følgt. Dette kan til dømes vere reglar knytt til forureining eller anna. Du kan be kommunen om informasjon og rettleiing om temaet, for eksempel i ein førehandskonferanse.

4Råd om dialog med myndigheitene

Med god dialog kan ein unngå misforståingar, få gode og riktige råd, sikre at myndigheitene kjenner til det dei treng for å handsame saka di og få ein god og effektiv prosess.

Her er nokre råd som er nyttige i dialogen:

  • Du har rett på rettleiing frå myndigheitene for å kunne skjøtte dine interesser. Rettleiinga vil vere tilpassa kapasiteten til den enkelte myndigheit, og det kan vere lurt å spørje kva som er vanleg sakshandsamingstid, då dette også kan variere. Du må sjølv taka kontakt for å kunne få rettleiing. Førehandskonferanse er ein type tidleg rettleiing du kan be om å få frå kommunen.
  • Du bør alltid søke å opplyse så godt som mogleg om tiltaket. For at myndigheitene skal kunne handsama ein søknad om tiltak, må du gje dei opplysningane som trengs for å vurdere søknaden. Dette kan også hjelpe sakshandsamar til å etterspørje naudsynt informasjon dersom dei treng fleire opplysningar, og å eventuelt opprette dialog med andre myndigheiter.
  • Sørg for å finne ut kven det er som har ansvar for kva i søknadsprosessen. Ofte må tiltakshavar sjølv hente inn løyve frå særlovsmyndigheiter som for eksempel frå Arbeidstilsynet, medan andre løyve blir henta inn av kommunen. Denne informasjonen kan også ansvarleg søkar hjelpe deg med.

Du bør alltid:

  • ha skriftleg kommunikasjon når du hentar inn viktig informasjon du skal bruka vidare i prosessen. Gjer det til ein god regel å skrive og be om godkjenning av referat frå møte. Slik unngår du misforståingar. Ansvarleg søkar kan gje god hjelp med dette.
  • sørge for å ha løyve før du sett i gang tiltaket. Det er tiltakshavars ansvar at eit byggjetiltak utførast i samsvar med krav i lov og forskrift.

5Tiltak må ofte ha løyve frå fleire regelverk

Ofte er tiltak søknadspliktige etter fleire lovar samstundes, og for å gjennomføre tiltak må det ligge føre løyve frå myndigheitene som forvaltar desse lovane. Desse løyva er det som regel du som skal drive næring, eller ein representant for deg, som må hente inn. Løyva må også ligge føre i ei viss rekkefølge. Myndigheiter som forvaltar særlovar, som Arbeidstilsynet, Mattilsynet eller kulturmiljømyndigheitene kallar vi ofte fagmyndigheiter. Som regel skal fagmyndigheitene ha gjeve sitt løyve før kommunen kan fatte vedtak. For eksempel må løyve frå Arbeidstilsynet ligge føre før kommunen sitt vedtak blir fatta, medan det same ikkje er tilfelle for Mattilsynet. Førehandskonferansen kan vere ein god plass å undersøke kva som gjeld i din sak.

Nokon gongar kan eit lovkrav frå eit myndigheitsområde påverke sakshandsaminga og konklusjonane til andre myndigheiter. Difor bør du opplyse så godt du kan om slik informasjon til dei ulike myndigheitene. Da kan dei ta omsyn i si sakshandsaming. Dette kan også hjelpe myndigheitene til å etterspørje naudsynt informasjon dersom dei treng fleire opplysningar, og å eventuelt opprette dialog med andre myndigheiter. Dette er særleg viktig dei gongane der eit krav knytt til eit lovverk kan påverke korleis ei myndigheit som handsamar eit anna lovkrav vil vurdere saka.

Eksempel på interesser som bør samordnast

Dersom bygningen er freda og du ønskjer å etablere for eksempel ein restaurant med tilsette, er ein god regel at du tidleg kontaktar både fylkeskommunen/Sametinget, kommunen, Arbeidstilsynet og Mattilsynet. Ulike typar vern gjev ulikt handlingsrom. Du bør difor avklare med rett myndigheit kva som er mogleg å gjere i bygningen, slik at du kan legge dette fram for Arbeidstilsynet eller Mattilsynet for deira vurdering. Tilsvarande kan krav knytt til arbeidsmiljø og matproduksjon vere viktig for kulturmiljømyndigheita å ha med seg i si vurdering av tiltaket.

6Kjelder til nyttig informasjon

Det ligg mykje nyttig informasjon på internett og i erfaringane til andre:

  • Kommunane gjev råd om byggesak og har oversikt over gjeldande plan for din bygning og eigedom
  • Direktoratet for byggkvalitet har rettleiarar og forklaringar til plan- og bygningsloven og tilhøyrande forskrifter
  • Direktoratet for byggkvalitet har ein rettleiar som kan hjelpe deg til å vurdere om tiltak du planlegg er vedlikehald, vesentleg endring eller ombygging, og om arbeida krev søknad frå plan- og bygningslova og om TEK17 gjeld. Rettleiaren dekker tema som bruksendring, innvendig ombygging, byggtekniske installasjonar og hovudombygging
  • Arbeidstilsynet og Mattilsynet har nettsider med oversikt over gjeldande regelverk, ofte knytt til ulike typar næringstiltak
  • Bygg og bevar,  ulike bygningsvernsenter, museum, fylkeskommunane/Sametinget og mange kommunar har råd og rettleiing knytt til tiltak i freda, verneverdige og eldre hus
  • Riksantikvaren har fleire rettleiarar som kan vere nyttige for deg som vil ta i bruk den verna bygningen din:
  • Lokale nettverk for næring og reiseliv og kommunen og fylkeskommunen/Sametinget si næringsavdeling kan ha gode råd til deg som planlegg å etablere næring

Rettleiaren tek ikkje for seg dei økonomiske sidene ved etablering av ny næring. Det økonomiske aspektet er ofte ein viktig del av planlegging av eit tiltak eller oppstart av ein bedrift:

  • Innovasjon Norge har på sida Oppstart av bedrift fleire malar for finansieringsmodell, marknadsplan eller liknande.
  • Det finns fleire offentlege og private tilskotsordningar som kan vere relevante for tiltak på bygningar med vern. For freda bygningar kan du kontakte fylkeskommunen/Sametinget. Har bygningen din eit anna vern kan Kulturminnefondet vere ei aktuell tilskotsordning. Du kan også spørje fylkeskommunen/Sametinget eller kommunen om dei kjenner til aktuelle tilskotsordningar som Sparebankstiftinga, kommunale SMIL-midlar og Stiftinga UNI. Hugs at du må ha løyve til å gjennomføre tiltak frå myndigheitene, sjølv om du har fått tilskot!

7Sjekkliste for førebuande planlegging av tiltak