Skudeneshavn

– eit av 12 freda kulturmiljø i Noreg

I Skudeneshavn har skudensbuen heimstaden sin.

Her finn du kvite hus og smale gater, tett samansveisa i sentrum av gamlebyen.

Og du kjem tett på livet ved vestlandskysten.

Skudenesbuen har eit nært forhold til byen sin.

Både dei som bur her og bygga dei bur i har særpreg.

Ei trygg hamn

Av: Gunvor Haustveit, Riksantikvaren
Foto: Trond A. Isaksen

Skudeneshavn er like sjarmerande heile året, og Skudenesbuen er like gjestmild både på ein gråversdag utanfor turistsesongen som på ein solskinnsdag i juli. Då med ein turist rundt kvart eit hushjørne. Dei er stolte, og vil gjerne fortelja historia og vise fram byen sin. Her kan du rusle rundt i dei same gatene som forferdra rusla i, ta ein lunsj på “Verdas minste kafe”, gå på festivalar, handle, lese og lære om historia i Mælandsgården (Skudenehavn museum) eller nyte parklivet.

Skudeneshavn Trehusa i byen står tett i tett, og mellom huset finn ein små hageflekkar. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

– Etter studietida i Stavanger flytta eg tilbake til Skudenes for å bu her. Som mange andre på Karmøy er eg ein fødd og oppvaksen patriot. Det blir ein del av identiteten din å kome frå Skudenes, seier Egil Sørbø.

Egil bur i sentrum og er leiar for Foreningen Gamle Skudeneshavn. Han er oppteken av dei gamle husa og det er han som syner oss rundt i byen.

Skudeneshavn

Kommune: Karmøy
Fylke: Rogaland
Fredingsår: 2018

Ut mot havet

Byen er tufta på eit råstoff; silda. Fiske, sal og utskiping av sild har hatt ei viktig rolle for at byen vart til. Det kom mange endringar i handesssystema utover 1800-talet, noko som førte til at det lokal næringslivet fekk meir fridom, og Skudeneshavn utvikla seg til ein liten by. Sildefisket var i framgang og handelen likeså. Innbyggjarane fakk hand om eigne ressursar. Frå å være ei uthamn underlagt andre, vart staden ei sjølvstendig, berekraftig økonomisk eining som var viktig både for regionen og den nasjonale økonomien. I Skudeneshavn ser ein tydeleg korleis ein stad har utvikla seg frå å være ein strandstad, basert på sildefiske, til ladestad med variert næringsverksemd og samfunnsfunksjonar for innbyggjarane i nærområdet.

Skudeneshavn Gunnarsbakken i 1916. Foto: Ukjent, Riksantikvaren

Byen vaks til

Utover på 1800-talet kunne ein kalla Skudeneshavn for ein by. Særleg i perioden 1835 til 1865 vart mange hus, uthus, sjøhus og naust bygd. Byen vaks fram på ei smal stripe land mellom Havnafjellet og sjøen og på holmane kringom i hamna. Gamlebyen, som ligg opp mot ei fjellside, har naturleg nok tilpassa seg topografien med bratte bakkar, krikar og krokar, bakgardar og tronge smau. Som handverkar må ein være ekstra nennsam med arbeidet som skal gjerast her.

– Tyngda av det eg gjer, er ting som har blitt gjort før. Det er ganske fasinerande å gå inn, og sjå korleis dei tenkte i 1850, kva ein handverkar kunne, og kva han stolte på av materialkvalitet og korleis det held i 200 år, seier tradisjonshandverkar Mangor Bårdsen som vi møter på eit lite restaureringsprosjekt i sentrum.

Skudeneshavn Ein ser tydeleg at byen er nært knytt til havet. Sildefisket bidrog sterkt til at byen vaks fram.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Brann i tette trehus kan utvikle seg raskt.
Vaskehuset i Skudeneshavn. Skudenesbuen var tidleg ute med å tenkje på bevaring av trehusmiljøet.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren.
Skudeneshavn Skudeneshavn er eit av dei best bevarte trehusmiljøa i Noreg.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Overgangen frå ein organisk by, der husa dukka opp litt etter kvart og om kvarandre, til eit regulert sentrum med rette gateløp er noko av det som verkeleg gjev Skudeneshavn sitt særpreg. I Noreg er står det få slike byer att. Dei fleste har endra seg sterkt eller hatt øydeleggjande bybrannar. Her kan ein framleis vandre i gateløp, gå ned på kaien eller ut på allmenninga. Og for folka som bur her, “Skudenesbuen”, er desse stadene er framleis viktige deler av bybiletet.

Freding av kulturmiljø

  • Eit kulturmiljø kan fredast for å bevare eit område sin kulturhistoriske verdi.  
  • Det er berre bygningane sitt ytre som blir freda, ikkje interiøret 
  • Andre delar av miljøet, som gateløp, allmenningar, parkar og andre grøntstrukturar, kan også være del av fredinga. 
  • Når eit kulturmiljø er freda, tyder det at utvendig arbeid på bygningar og anlegg, utover vanleg vedlikehald, krev godkjenning frå kulturminneforvaltninga. 
  • Vedtak om kulturmiljøfreding gjerast av Kongen i statsråd. 
  • Tolv kulturmiljø er freda i Noreg.

Åra 1835 til 1865 var prega av hektisk bygging i Skudeneshavn. Fleire eldre hus blei rivne og erstatta med nye. Dei fleste av bygga frå denne perioden er bevart i Gamle Skudeneshavn. Mange av dei største bustadhusa blei reist i denne perioden. Sjøhus og naust ble bygd med gavlen mot sjøen for å gje flest mogleg tilgang til sjøen og den gode hamna.

Ein pust av svunne tider

Ruslar du gjennom «Søragadå”, forbi trehus, gateløp og smau, så kjem du etter kvart til ei bratt brusteinsbakke som tek deg opp til det høgaste punktet i byen. Parken blei i si tid oppretta som eit folkehelsetiltak som skulle kome folka i byen til gode. Parken er noko for seg sjølv! Det er mykje på grunn av småkuperte terrenget. Små stiar slynger seg mellom knausane og dei planta trea og leiar frem til små sitteplassar med utsikt over byen, hamna og havet.

Skudeneshavn Skudenes i 1913. Foto: Ketura Oline Jacobsen. Arkiveigar: Riksantikvaren

Du finn ingen store hotell i byen, men små fine gjestgjevarstader som Skudenesbuen tek godt vare på.

– Eg kom hit fordi kona mi hadde forelska seg i byen for mange år sidan. Vi driv gjestgjevarstad i hovudhuset som er 300 år gammalt. Alle dei jobbane vi utfører er for å bringe historia tilbake, seier eigar Knut Arne Nygård med eit smil.

Det går an å bu og drive verksemd i freda by

Den gamle trehusbusetnaden i Skudeneshavn vart kulturmiljøfreda i 2018. For dei som bur og driv her betyr ikkje det store hindringar. Dei er glad i staden og har godt samarbeid med både byantikvaren og kommuneantikvaren. I sjøhusa har Foreninga Gamle Skudenehavn eit eige antikvarisk verkstad med maskiner, verktøy og ein liten materialbank. Det har alle bebuarane og lokale handverkarar tilgang til.

– Det å bu her er voldsomt fint. Det er litt meir vedlikehaldsarbeid enn i eit vanleg bustadfelt, og litt vanskelegare parkeringsforhold, men elles er det ikkje så stor forskjell av å bu her enn anna plass. Du får ein stoltheit av å bu på ein freda plass. Eg frykta i forkant av fredinga at det kunne bli eit litt vel rigid system, det har det vist seg å ikkje vere, seier Egil Sørbø

Skudeneshavn Knutsabakken.
Foto: Ukjent, Riksantikvaren
Skudeneshavn Skudenes kring 1926
Foto: Anders Bugge, Riksantikvaren
Skudeneshavn Knutsabakken.
Foto: Ukjent, Riksantikvaren

Skudeneshavn er ingen død by. Folk vil bu her. Prisane på hus går opp, ikkje ned. Roy Olsen er einig. Han er næringsdrivande i Skudeneshavn og har kundar over heile Noreg.

– Det går an å arbeide i utkanten, drive firma og ha det godt. Bygningane må du ta vare på uansett. Og har du næring i bygget eller er det freda, så føler eg ikkje at det er noko problem. Det som er meir utfordrande er  om du skal gjere noko med bygningane. Det kan være meir tidskrevjande og en prosess som du må gå gjennom, seier Roy Olsen. 

Frodige hagar

Skudeneshavn er typisk vestlandsk. Været er uforutsigbart, det får ein ikkje endra. Difor er naturleg nok vegetasjonen lav og tilpassa det til tider uuthaldeleg regntunge og forblåste vestlandske klimaet. Landskapet elles pregast av småknausar og flekker av barskog.

Skudeneshavn Ein av mange frodige hagar. Tenk å få sitte på den benken og ta seg ein kopp kaffi.
Foto: Anders Amlo, Riksantikvaren
Skudeneshavn Hagane i Skudenes er klemt inn mot husa.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Skudeneshavn Damå i parken. Dama var tidlegare gallionsfigur på seilskuta "Concordia".
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Men, inne mellom husa er det derimot frodige hagar. I den gamle delen av byen ligg desse hagane gjerne bak husa og i små søkk i terrenget, i le for vind og vær. Mange er skjult for folk som passerer i gata, men om du kikkar over gjerdet eller gjennom ein liten sprekk så ser du dei. Nokre av husa har også små forhagar, gjerne omkransa av kvite stakittgjerde.

– Når det gjeld vidare utvikling av kommunen så trur eg det kan vere voldsomt flott å bu i Skudenes om 20 år, om 50 år og, men det er litt opp til dei til kva dei vel å legge til byen. For eg tviler ikkje på at Skudensbuen gjer det dei kan for å halde liv i plassen, seier Egil Sørbø.