Utforsk kulturminner

Kulturmiljø

Eit kulturmiljø er eit område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng. Kulturmiljø kan ein finne i både byar og tettstader, i jordbrukslandskap og i skog og utmark.

Levanger vart freda som kulturmiljø i 2018. Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

Eksempel på typiske kulturmiljø kan vere byområde, ei setergrend, eit fiskevær eller eit industriområde med fabrikkar og bustadar. Naturelement med kulturhistorisk verdi kan også vere ein del av eit kulturmiljø.

Freda kulturmiljø

Omgrepet kulturmiljø kom inn i kulturminnelova i 1992. Gjennom lovendringa vart det mogleg å frede eit kulturmiljø ut ifrå den totale kulturhistoriske verdien av miljøet, utan at dei enkelte elementa er fredingsverdige i seg sjølve. Det er eit område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap. Per i dag er tolv kulturmiljø i Noreg freda.

Å frede eit kulturmiljø etter kulturminnelova er ein omfattande prosedyre, og endeleg vedtak vil bli gjort av Kongen i statsråd.

Riksantikvaren har satt i gang arbeid med freding av Henningsvær kulturmiljø i Nordland.

Les meir om dei freda kulturmiljøa i Kulturminnesøk her:

Publisert: 11. desember 2019 | Endret: 22. januar 2020