Arbeidsområder

Kulturmiljø, kulturminner og landskap

Riksantikvaren arbeidar for at fleire kulturminne, kulturmiljø og landskap blir tekne vare på for framtida.

Kulturmiljø
Eit område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng. Sjå boks til høgre.

Kulturminne
Kulturminne er alle spor etter menneska sine liv og virke i det fysiske miljøet. Omgrepet omfattar også stader det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til. Naturelement som har kulturhistorisk verdi er òg kulturminne, eller kan inngå som del av eit kulturminne.

Landskap
Samlenamn på våre omgivnader som ligg utandørs, både naturgitte og menneskeskapte. Landskapet er forma av samspelet mellom mennesket og naturen.

Kulturmiljø som ein del av berekraftig utvikling

Stortingsmelding nr. 16 «Nye mål i kulturmiljøpolitikken – engasjement, berekraft og mangfald» (2019-2020) viser fleire døme på korleis kulturmiljø kan bidra til berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging. For å følgja opp på Faro-konvensjonen (2008), den Europeiske landskapskonvensjonen (2004) og FNs berekraftsmål legg Regjeringa og Riksantikvaren vekt på at kulturmiljø er eit felles gode med felles ansvar. Riksantikvaren har fokus på dette i satsingane sine innan mellom anna by- og stadsutviklingKulturminne i kommunen (KIK)Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA) og Utvalgte kulturlandskap i jordbruket (UKL).

Kulturmiljø av nasjonal interesse i byar og tettstader (NB!-registeret)

Riksantikvaren har, i samarbeid med fylkeskommunar og kommunar, identifisert kulturmiljø av nasjonal interesse i byar og tettstader. NB!-registeret angir område der det må visast særlege omsyn i samband med vidare forvaltning og utvikling. Informasjon om områda finn du på nettsida nb.ra.no og rettleier om dette er å finna her. Områda bør forvaltast og utviklast i samsvar med dei verdiane som er identifiserte og tilrådingar i Riksantikvarens bystrategi.

Kulturmiljø som verdensarv

Riksantikvaren arbeider med kulturmiljø som inngår på UNESCOs liste over kulturarven i verda. Sjå sidene våre om UNESCO og Noregs verdsarv her.

Freda kulturmiljø

Omgrepet kulturmiljø kom inn i kulturminnelova i 1992. Gjennom lovendringa vart det mogleg å frede eit kulturmiljø ut ifrå den totale kulturhistoriske verdien av miljøet, utan at dei enkelte elementa er fredingsverdige i seg sjølve. Det er eit område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap.

Sidan 1992 har Riksantikvaren hatt fredningsmyndighet og utarbeidd retningslinjer og kriterium for fredingsarbeidet. Å frede eit kulturmiljø etter kulturminnelova er ein omfattande prosedyre, og endeleg vedtak vil bli gjort av Kongen i statsråd. Per i dag er tolv kulturmiljø i Noreg freda.

Fredingsprosessen av Henningsvær kulturmiljø i Nordland er nå i siste fase, og skal snart i behandling hos Kongen i statsråd.

Les meir om dei freda kulturmiljøa her

Arbeidsområder

I stortingsmeldinga St.16 ‘ Nye mål i kulturmiljøpolitikken’ vert “kulturmiljø” innført som eit samleomgrep for kulturminne, kulturmiljø og landskap. Omgrepet understrekar verdien av heilskap og samanheng, og tilknytinga til den øvrige klima- og miljøpolitikken blir tydelegare.

Kulturmiljø er alle dei spora etter menneskeleg aktivitet og historie som omgjev oss. Det kan vere alt frå kyrkjer og mjølkeramper, til steinalderbuplassar og fangeleire frå andre verdskrig. Eller eit jordbrukslandskap forma gjennom fleire hundre år med iherdig arbeid. Desse spora er ressursar for kunnskap, opplevingar og bruk både no og i framtida.

Verktøy

Kommunane har ansvar for å identifisera og forvalta kulturminna og kulturmiljøa sine. Fleire aktørar kan vera involvert i dette arbeidet til dømes ved kartlegging og planlegging. Riksantikvaren har utvikla fleire verktøy, metodar, rettleiarar og register som kan brukast;

DIVE – kulturhistorisk stadsanalyse

DIVE er eit medverknadsbasert verktøy som kan brukast for å identifisera kulturmiljø. Analysemetoden er spesielt eigna til å synleggjera kvalitetane på kulturmiljø, moglegheiter og handlingsrom i by- og stadsutvikling. Sjå rettleiar her

Kulturminneplan

Kulturminneplan blir utarbeidd av kommunar for å gje kunnskapsgrunnlag om kulturminne og kulturmiljø, mellom anna til bruk i plan- og byggesaksarbeid. Sjå rettleiar her.

Konsekvensutredninger

Kulturminner og kulturmiljø er eit av fleire miljøtema som må vera med i planar og tiltak som fell inn under forskrift om konsekvensutgreiingar (KU). Sjå rettleiar her.

Rettleiar til plan- og bygningsloven

Rettleiaren tar for seg moglegheitene som ligg i plan- og bygningslova for å sikra kulturminne, kulturmiljø og landskap. Sjå rettleiar her

Publisert: 2. april 2020 | Endret: 4. august 2022